Musikk

Åndelege sjelevarmarar

Det er sumar i Brasil, og plateselskapet Gop Tun leverer varme, fellesskapsorienterte og dansevenlege tonar.

Publisert Sist oppdatert

Det framifrå brasilianske dansefestarrangør- og plateselskapet som festleg nok ber namnet Gop Tun, spesialiserer seg i «utsøkte omkalfatringar av inspirert musikk», og sidan ytre høgre-rørsla i Brasil følgde Trump-fanatikarane sitt eksempel og storma regjeringsbygg i Brasilia søndag, framstår det som ekstra relevant å løfte fram det varme og vakre i landets samtidige kultur.

Det er sumar i Brasil frå desember til mars (jamfør ekvator) og nyleg blei DJ Giant’s Summer Tools – som namnet hintar om, full av sumarlege danselåtar – sleppt på Bandcamp-sida til plateselskapet. Dessverre ser det ut til at denne utgjevinga berre kjem til å vere tilgjengeleg i ein avgrensa periode, men dette gjeld ikkje den førre utgjevinga, der Kauan Marco hyller og covrar materiale av den myteomspunne brasilianske guruen og musikaren Carlos Pacini.

Pacini var, om ikkje akkurat berømt, svært respektert i musikkmiljøet mot slutten av 1980- og 90-talet. Musikken var ei blanding av lovsong til verdssjela, new age-synthmusikk og oppløftande rytmar. På Tributo a Carlos Pacini gjer produsenten Kauan Marco musikken endå meir dansbar ved å omkalfatre materialet i funk-, disco-, varm balearisk beat- (kalla opp etter sydenferiedestinasjonen Balearane) og housestil, krydra med spretten, presis perkusjon og åndeleg inspirerte messande vokalfrasar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement