Alvorsamt
Quatuor van Kuijk framførte Quartetto serioso med energisk gestus.
Quatuor van Kuijk i Kvinnehrad kyrkje.
Foto: Liv Øvland
Konsert
Ludwig van Beethoven:
Kvartett, sonate og trio
Víkingur Ólafsson, klaver; Kristian Bezuidenhout, hammarklaver; Quatuor van Kuijk; mfl.
Kvinnherad kyrkje i Rosendal, fredag 8. juli
Beethoven gav berre éin av dei 16 strykekvartettane sine tilnamn, nemleg nr. 11 i f-moll frå 1810, som han kalla Quartetto serioso. Opningssatsen «Allegro con brio» byrjar med eit dystert brak der alle instrumenta spelar unisont (same melodi), før det kjem ein abrupt pause. Quatuor van Kuijk spelte med energisk gestus og skapte ein verknadsfull kontrast til den lågmælte andresatsen «Allegretto». Diverre sat ikkje intonasjonen heilt som han skulle, særleg i dei snøgge partia.
Også i den lange «Erkehertugtrioen» i B-dur, op. 97, etter pausen, var det litt rusk. Samspelet mellom fiolinisten Antje Weithaas, cellisten Steven Isserlis og pianisten Víkingur Ólafsson halta til tider. (Den opphavlege cellisten hadde på kort varsel måtta bytast ut på grunn av korona.)
Høgdepunktet var difor Sonate for klaver og fiolin nr. 10 i G-dur, op 96, med fiolinisten Alina Ibragimova og Kristian Bezuidenhout på hammarklaver. Hammarklaverets linne klang gjorde at fiolinisten kunne boltra seg med fine nyansar i piano-partia.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Konsert
Ludwig van Beethoven:
Kvartett, sonate og trio
Víkingur Ólafsson, klaver; Kristian Bezuidenhout, hammarklaver; Quatuor van Kuijk; mfl.
Kvinnherad kyrkje i Rosendal, fredag 8. juli
Beethoven gav berre éin av dei 16 strykekvartettane sine tilnamn, nemleg nr. 11 i f-moll frå 1810, som han kalla Quartetto serioso. Opningssatsen «Allegro con brio» byrjar med eit dystert brak der alle instrumenta spelar unisont (same melodi), før det kjem ein abrupt pause. Quatuor van Kuijk spelte med energisk gestus og skapte ein verknadsfull kontrast til den lågmælte andresatsen «Allegretto». Diverre sat ikkje intonasjonen heilt som han skulle, særleg i dei snøgge partia.
Også i den lange «Erkehertugtrioen» i B-dur, op. 97, etter pausen, var det litt rusk. Samspelet mellom fiolinisten Antje Weithaas, cellisten Steven Isserlis og pianisten Víkingur Ólafsson halta til tider. (Den opphavlege cellisten hadde på kort varsel måtta bytast ut på grunn av korona.)
Høgdepunktet var difor Sonate for klaver og fiolin nr. 10 i G-dur, op 96, med fiolinisten Alina Ibragimova og Kristian Bezuidenhout på hammarklaver. Hammarklaverets linne klang gjorde at fiolinisten kunne boltra seg med fine nyansar i piano-partia.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.