Alternativ kjeldetruskap
Medan tonalitet og rytmikk er inspirerte av kjeldene, er lydbiletet originalt.
Folkemusikk
Malmin:
Dei lokka meg
Olav Christer Rossebø, feler, mikrotonal mandolin og triangel; Anders S. Hana, mikrotonal gitar, langeleik og munnharpe. Ta:lik
Plata Naaljos Ljom har tidlegare fått rosande omtale i denne avisa. På den plata medverkar mellom andre gitarist Anders S. Hana og felsepelar Olav Christer Rossebø, som no platedebuterer i form av duoen Malmin. Rossebø er ein særs aktiv folkemusikar som særleg har henta fram ukjend musikk frå arkiva, medan Hana har bakgrunn frå rock, frijazz og støy.
Medan Naaljos Ljom drog folkemusikken i retning av elektronika og meir komplekse lydbilete, er dette ei meir nedstrippa utgjeving. Dei gamle melodiane står heile tida i sentrum utan å verta omringa av lange improvisasjonar og avanserte harmoniseringar.
Utgangspunktet er slåttar og songar, hovudsakeleg frå Bjerkreim og Suldal i Rogaland, der det særleg vert lagt vekt på å få fram eldre tonalitet. Dette vert forsterka ved at musikarane, i tillegg til ordinære feletypar, nyttar munnharpe, mikrotonalt stemde gitarar, mandolinar og langeleikar.
Også det rytmiske elementet tek utgangspunkt i dei eldre førebileta, med vekt på fottramp og rytmikken som kjem fram av sjølve melodiane. Særleg i springarane vert dette tydeleg, der det er ein jamn puls som går heile tida, utan å måtta inndelast i trefiredelstakt, slik det ofte er vanleg.
Medan kjeldetruskapen er stor når det gjeld tonalitet og rytmikk, er det sjølve lydbiletet som gjer at dette kling annleis. Her førekjem mange instrumentkombinasjonar ein ikkje finn i arkivopptaka, og rett som det er, vert det nytta vreng (distortion) – rockelyden framfor nokon.
Dette er eit fint døme på korleis desse i utgangspunktet enkle melodiane ikkje treng «forbetrast» ved hjelp av svære, utbygde arrangement. Sidan musikarane fokuserer på dei alt ibuande tonale og rytmiske elementa, framstår musikken likevel som ny i kraft av original instrumentering og klanghandsaming.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.