Musikk
Alt auget kan sjå
Fjorten nye komposisjonar frå Joe Henry gir plateåret ein lovande start.
Joe Henry har med seg mange framifrå musikarar, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: David McClister
Er du god nok, kan du framleis få mangt ut av å utbrodere eit enderim – det bør stå klart for kvar og ein som lyttar til tittelsporet på All the Eye Can See, Joe Henrys sekstande soloalbum. Mannen har alltid vore ein elegant ordsmed, ein av desse som vender og vrir på nokre skarve verseliner, pakkar dei inn med vellyd og leverer dei med ei røyst som skrapar av levt liv, slik at songen summar vidare i deg i timane som følgjer.
Rikt lydbilete
Då Henry vart diagnostisert med prostatakreft i 2019, fekk han melding om at utsiktene var dårlege, men dette er ei av dei historiene der prognosane endra seg. Så, då han likevel forstod at han skulle få halde fram med å lage musikk ei stund til, kom pandemien i vegen.
I periodane med unntakstilstand som følgde, ordna han seg slik at han kunne spele inn heimafrå, og tok til å arbeide med nye songar fortløpande i staden for å la dei liggje og vente til han fann tid, slik han med alle sine arbeidsoppgåver hadde vore tvinga til før.
Alt tydde dermed på at det nye albumet skulle verte ganske nedstrippa, slik som førre utgiving, The Gospel According to Water (2019), men slik vart det ikkje. All the Eye Can See rommar fleire musikarar enn noko tidlegare Henry-album og er utstyrt med eit utsøkt, rikt lydbilete.
Her er dei framifrå musikarane han har hatt med seg mange gonger før: Jay Bellerose på trommer, David Piltch på bass, Patrick Warren og Keefus Ciancia på tangentar, både Marc Ribot, John Smith og Bill Frisell på gitarar, og ikkje minst sonen Levon Henry på klarinettar og saksfonar. Men ei heil rekkje andre er også med denne gongen, mellom dei folk som Daniel Lanois, Allison Russel og JT Nero, Madison Cunningham og The Milk Carton Kids, for å nemne nokre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.