Musikk
Ålmenn solrenning
Peer Gynt-suitane syner Griegs universalitet.
Per Gynt. Illustrasjon av Peter Nicolai Arbo i Peter Christen Asbjørnsens Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg (1879).
Som hovudattraksjon har Festspillene i Bergen i år det som er annonsert som ein fullskala produksjon av Peer Gynt. Dette musikkdramatiske samarbeidsprosjektet mellom Edvard Grieg og Henrik Ibsen (1828–1906) hadde urpremiere i Christiania i 1874. Opningsframsyninga i Grieghallen blir meld i festspelbrevet i denne utgåva av Dag og Tid.
Her skal det derimot dreia seg om musikken i si reint orkestrale form. Grieg sette nemleg saman sine greatest hits frå teatermusikken til konsertmusikk. Med Peer Gynt-suite nr. 1, op. 46 (1888), og Peer Gynt-suite nr. 2, op. 55 (1893), sikra han seg for alvor plass på det internasjonale konsertrepertoaret. I Berlin åleine blei suitane før fyrste verdskrigen framført over tusen gonger.
Ølreklame
Eg er fascinert av den universelle appellen desse komposisjonane har. Ta «Morgenstemning», til dømes, opningssatsen i fyrste suiten, som skal illustrera soloppgangen ved Afrikas kyst. Men duger han ikkje like godt som klangleg solrenning over ein norsk fjellstøl?
Reklamefolk veit kva effekt er. Satsen blir mellom anna nytta i ein ølreklame som har gått på tysk fjernsyn i mange år. Han byrjar med panoramabilete av ein innsjø i morgonsol, kransa av høgtysk lauvskog, og endar med nærbilete av den fyrste, leskande slurken frå ei doggfrisk ølflaske. Musikken verkar skreddarsydd. Eg har også sett ein japansk TV-reklame med «Morgensteming», og i den legendariske amerikanske komiserien Curb Your Enthusiasm (send på NRK under tittelen Ingen grunn til begeistring) blir både han og «I Dovregubbens hall» nytta, her på ironisk måte.
Tre CD-ar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.