JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Allmennpraktikar

Kva særmerkjer Antonio Vivaldi som kyrkjemusikkomponist?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alten Delphine Galou er fenomenal i dei rolege satsane.

Foto: Giulia Papetti

3022
20210827
3022
20210827

CD

Antonio Vivaldi:

Musica sacra con alto

Delphine Galou, alt; Accademia Bizantina; dir.: Ottavio Dantone. Naive 2018/2020.

Det var ikkje sjølvsagt at den venetianske fiolinvirtuosen og komponisten Antonio Vivaldi (1678–1741) skulle skriva vokalmusikk. Kyrkjemusikk med kor og solistar var vanlegvis noko songarar tok seg av, eller musikarar som spelte klaverinstrument. Greitt nok var han prestevigsla, noko som var ein god kvalifikasjon til ei kyrkjemusikalsk leiarstilling (som maestro di capella eller maestro di coro). Men personlegdommen og levesettet, med stadige reiser og dubiøse forhold til songarinner, gjorde han til ein dårleg stilt kandidat som kyrkjemusikar.

Åra 1926 og 1930 er viktige årstal i verknadssoga til Vivaldi. Hadde det ikkje vore for at ein då oppdaga nesten 200 bind med notar, dei fleste i Vivaldis handskrift, hadde nok musikkhistoriebøkene berre omtalt han som framifrå instrumentalkomponist. Men desse såkalla Turin-handskriftene provar at han òg hadde minst femti kyrkjemusikalske komposisjonar på verklista, i tillegg til fleire operaar. Vivaldi var altså ein allmennpraktiserande komponist.

Vivaldi Edition

Plateselskapet Naive har i ei årrekkje spelt inn musikken frå Turin-handskriftene i albumserien Vivaldi Edition, som er lett attkjenneleg på plateomslaga (kvinner i underlege, minimalistiske kostyme). Musica sacra con alto utgjer volum 59 og inneheld – som namnet seier – sakralmusikk for altstemme.

Den franske songsolisten Delphine Galou er uvanleg skikka til oppgåva. Det høyrer me i opningssporet, resitativet i solomotetten Filiae maestae Jerusalem, RV 638, der ho vibratolaust snik seg inn over eit teppe av strykarar. Ho nyttar altså ikkje vibrato, men dynamikk og klangutvikling til å utfalda og variera lange tonar. (Å «svella på tonen», kallar me det på musikarspråket.) Denne songteknikken er føreskriven i historiske songskular, men blir diverre sjeldan nytta skikkeleg av moderne songarar, sjølv ikkje av ekspertar på barokkmusikk.

Bit frå seg

Galou har ei uvanleg djup alt­stemme. Ho er fenomenal i dei rolege satsane, både teknisk og musikalsk. Men ho kan òg bita frå seg i dei snøgge. Det høyrer me i vesperhymnen Deus tuorum militum, RV 612, der ho syng om kapp den italienske tenoren Alessandro Giangrande.

Albumet får meg til å undrast over kva som gjer Vivaldis kyrkjemusikk så spesiell. Kan det vera på grunn av at han nettopp ikkje var ein tradisjonell kyrkjekomponist med bakgrunn som songar og klaverinstrumentspelar, men fiolinvirtuos?

Samanliknar me med andre gode italienske kyrkjemusikkomponistar, merkar me i alle høve at orkesteret spelar ei viktigare rolle hjå Vivaldi. Instrumentalparten er strukturelt sjølvstendig; han er meir enn berre akkompagnement, og særleg forspela har herleg schwung. Fiolinane i opninga av Salve Regina, RV 618, er eit godt døme på dette.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis