Musikk

Åleine med cerebrum

Stian Carstensen feirar utforskartrongen med eit album som vert ståande.

Biletet er teke i samband med innspelinga av videoen til «Hippocampus Serenade».
Biletet er teke i samband med innspelinga av videoen til «Hippocampus Serenade».
Publisert

Dei er fantastiske, desse anatomiske plansjane med namn på latin, i alle fall for oss som ikkje treng å lære oss alt saman utanboks, men snarare kan studere dei med avslappa eller nervøs fascinasjon, og utbryte noko slikt som: «For eit organ hjernen eigentleg er!»

Og det er jo sant, for berre tenk på kva vi får til med cerebrum, som skvulpar rundt i skallen og ikkje veg stort meir enn vel eit kilo. Eg skal vedgå at eg ikkje visste det før, men no, etter at eg har lytta ein heil del til Musical Sanatorium, Stian Carstensen nye album, har eg lært at det i hjernestammen, sambandet mellom hjernen og ryggmergen, finst ein forlengd merg, eller medulla oblongata, som det heiter på klingande latin, og den klarer vi oss ikkje særleg godt utan.

Det fann eg ut etter å ha lytta til «Medulla Galliard», som eg berre vender tilbake til, igjen og igjen, med vedvarande gapekjeft og store auge, for musikk som dette har eg aldri høyrt før, berre dette sporet åleine er ei heil lita verd, som utforskar ein medrivande melodi på harpe, og deretter på steel gitar, og slik berre held det fram, inn i herleg ukjent musikalsk farvatn, med destinasjonar på tvers av hundreår og landegrenser, tid og rom.

Inn i hjernen

Kvar komposisjon på Musical Sanatorium er ein fiks liten veg inn i hjernen og samstundes inn i det eksotiske spekteret av obskure musikksjangrar som finst der ute, for «Medulla Galliard» peikar også til galliarden, som eg no veit er ein fransk folkedans, som eg kan love her og no at eg aldri skal prøve meg på.

Slik vert multiinstrumentalisten Carstensens plate ei sofistikert feiring av utforskartrongen på mange nivå, musikalsk, menneskeleg, emosjonelt og intellektuelt, men sjølvsagt med nokre haldepunkt. Mykje av det vi høyrer, er variasjonar over eit tema, slik at vi får dette ulikt aksentuert og uttrykt avhengig av ulike formgrep. Fleire av stoppestadene på den ville ferda vil dessutan vere til å kjenne att for dei som har lytta til Carstensen i nokre år, som til dømes dei bulgarske elementa på sporet før «Medulla Galliard», nemleg «Synaptic Saltarello». (Og frå her av må eg oppmode lesaren til sjølv å finne vegen til plansjane og skogen av sjangrar, ei enkel øving på internettet, og ei av gledene ved å oppdage Musical Sanatorium.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement