Å lytta til bilete
Jon Hassell er ein holistisk trompetist og visjonær komponist.
Jon Hassel i aksjon på jazzfestivalen i Molde i 2006.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Tilrådd lytting
Solo:
Vernal Equinox (1978)
Dream Theory in Malaya (1981)
Aka / Darbari / Java (1983)
Power Spot (ECM 1985)
The Surgeon of the Nightsky Restores Dead Things by the Power of Sound (1987)
Fascinoma (1999)
Listening to Pictures (Ndeya 2018)
Med Brian Eno:
Fourth World, Vol 1: Possible Musics (1980)

Trompetisten Jon Hassell, ein av dei mest nyskapande og særprega musikarane i moderne tid, har ein signatur og klang i trompettonen sin som gjer at ein kan kjenne han att før han i det heile har spelt ferdig ein frase. Han var tidleg ute med å slå saman musikkuttrykk i utenkjelege kombinasjonar til det han kalla Fourth World, ein futuristisk musikkvisjon og filosofi som har hatt stor påverknad på moderne elektronisk musikk.
No er han vorte 81 år gamal og er klar med fyrste album i ein ny trilogi, Listening To Pictures.
Studium
Hassell er fødd og oppvaksen i Memphis Tennessee, og han fekk mykje av den fyrste musikalske påverknaden derifrå, mellom anna frå jazzmusikarar som Stan Kenton og som trompetist i storband. Som ung reiste han til New York og studerte komposisjon. Der kom han i kontakt med ein studentkrins som etter kvart fekk han til å søkja seg vidare til det avantgardistiske komponistmiljøet i Europa, og eit toårsstudium hos samtidskomponisten Karlheinz Stockhausen i Köln. Attende i USA vart han på slutten av 1960-åra ein del av sirkelen kring La Monte Young og Terry Riley, båe kjende som forløparane til den musikalske retninga som i ettertid er vorten kalla «minimalismen». Jon Hassell spelte mellom anna på Terry Rileys legendariske verk In C, og han vart sentral i La Monte Young og Marian Zazeelas Dream House kunst- og musikkprosjekt.
Dei tre vart også elevar av den indiske songaren og guruen Pandit Pran Nath, som har hatt stor innverknad på den seinare musikken deira, gjennom disiplinert øving og gjennomgang av dei rytmiske og melodiske strukturane i den indiske ragamusikken.
Solodebut
I 1977 solodebuterte Jon Hassell, 40 år gamal, med albumet Vernal Equinox – eit album som forutan å hente mykje frå ragatradisjonen, var influert av gamal tradisjonsmusikk frå Indonesia, Vest-Afrika og Sør-Amerika, men også meir moderne uttrykk som Miles Davis’ elektriske fusion, Europeisk samtidsmusikk og det nyaste innan moderne elektronikk og sjølvutvikla lydeffektar.
Det verkelege gjennombrotet kom tre år seinare gjennom samarbeid med Brian Eno og albumet Fourth World, Vol 1: Possible Musics frå 1980. Her introduserer Hassell tydeleg musikkfilosofien sin med stor respekt for ulike tradisjonar og miksar stilartar ein ikkje skulle tru høyrde saman i utgangspunktet. Gjennom ei tilsynelatande utenkjeleg kopling av instrumentering og sampling utvikla han ei heilt ny klangverd, som likevel kjennest heilt naturleg for lyttaren.
Eg var så heldig å få oppleva ein konsert med Jon Hassell for nokre år sidan, og etter konserten snakka han litt om eigne tankar kring melodisk improvisasjon, og om måtar å tenkja frasering på. Han brukte då biletet av eit blad som fell mot bakken, korleis det snur og vender seg, vert teke av vindkast og slyngjer seg i uventa retningar, før det landar elegant ein eller annan stad som er umogleg å føresjå.
Eg gløymer aldri dette enkle biletet, eit glimt inn i tenkjemåten til ein eineståande improvisator.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»