Musikk

Å høyre æva i 45 sekund

Wind Recorded with a Camera er eit mikroutsnitt av eit nabolag og ein ordlaus William Blake-parafrase.

Publisert

Internettlabelen 45-Byo Mijikakute Amai er basert i Ohio i USA og spesialiserer seg i musikkutgjevingar på 45 sekund (eller mindre). Den 46. utgjevinga blei lansert 12. mai: Verket til artisten Kino, Wind Recorded with a Camera, er – truleg – nett det tittelen seier, og ein kan sanneleg høyre vinden blåse på kameramikrofonen. Men dei 45 sekunda byd på mykje meir enn det kan høyrast ut som.

Den duse duren av ein eller fleire vegar, eit nabolag, hender og føter i aktivitet, fuglekvitter, raslande lauv – mellom anna. Wind Recorded with a Camera er eit portrett av ein augneblunk, lik ein destillert, ordlaus lydbokvariant av James Joyces Ulysses, som beskriv ein kvardag i detalj.

45-sekundsformatet set detaljar i makrofokus, og variasjonen i labelkatalogen er enorm. Nr. 44 er eit fredsælt vaporwave-stykke med svært lang tittel av larsht_; Fakenumberland Presents: Gathering of the Microcosmic Ambassadors er ei samleplate med spor av åtte artistar og i seg sjølv prega av enorm variasjon; 45 Microtracks..., også av larsht_, leverer like godt 45 komposisjonar, nokre på både to og tre sekund, enkelte på null. Titlane dannar eit snodig dikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement