JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

75 er 75

Loudon Wainwright III kallar på smilet når han skildrar alderdommen, med eit blikk som er både skarpt og poetisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Loudon Wainwright III er på sitt beste på den nye plata, meiner Øyvind Vågnes.

Pressefoto

3392
20220826
3392
20220826

Rock

Loudon Wainwright III:

Lifetime Achievement

Proper Records

Ta éin dag av gongen, heiter det – og sjølv om det er ein klisjé, er det gode grunnar til at mottoet om ei slik livsinnstilling står seg. Ein låtskrivar som Loudon Wainwright III er til og med i stand til å puste friskt liv i uttrykket, på «I Been», sporet som opnar det nye studioalbumet hans, Lifetime Achievement, det første med nyskrive materiale frå den kanten på åtte år.

Vi møter ein Wainwright i knallform på årets plate. 75-åringen, som alltid har vore i sjeldan god stand til å kombinere det satiriske med det inderlege, har sett seg føre å skildre korleis livet ser ut i den fasen av det han sjølv no er inne i. Der blæs han ut alle lysa på kaka og meiner det er ein prestasjon som fortener meir enn eitt einaste ønske («I Wish»). Framtida er i ferd med å verte eten opp av fortid, som han så presist skildrar det i «Little Piece of Me»: «My future’s being subsumed by the past

Interessant aldring

Det er ikkje heilt uvanleg å spore rockemusikken tilbake til seint på 1940-talet eller helst litt ut på 1950-talet, og om vi gjer det, dreg sjølve musikkforma på åra. Det er ei interessant aldring, for rockemusikken er historisk sett knytt til framveksten av ein ny ungdomskultur i etterkrigstida – noko ikkje minst Baz Lurhmann gjer uttrykkeleg klart i sin nye spelefilm om Elvis Presley.

Når eit band som The Rolling Stones, som bygde på og vidareutvikla rocken utover 1960- og 1970-talet, turnerer i dag, er det med frontfigurar som nærmar seg 80 år, og dei framfører mykje av det same materialet som dei framførte for fleire tiår sidan. Mick Jagger struttar rundt som han alltid har gjort, og latar ikkje til å ivre etter å tematisere ulike alderdomstrekk verken utanfor eller på scena, der han med bandet i sommar gjerne har avslutta konsertar med «I Can’t Get No (Satisfaction)» (1965).

Herleg, difor, at vi har artistar som Wainwright, som er tre år yngre enn Jagger, men som i det energiske opningssporet syng at han no slepper ein fis kvar gong han nyser. Du får ikkje noko «sytti er det nye åtti» frå denne karen. I «How Old is 75?» er han på sitt beste, med den bittersøte, svart humoren som kjenneteiknar så mykje av det han har skrive heilt intakt: «How old is 75? So old that you’re hardly alive.» Vi ønskjer alle meir tid, syng Loudon, men vi får det vi får – sjølv opplevde han at faren gjekk bort i ein alder av 63 år.

Usentimentalt

Som på alle plater frå Wainwright får vi songar om relasjonar og kjærleik, og då gjerne av den usentimentale sorten. Ein tittel som «Family Vacation» skildrar ikkje ferie med, men frå familien: «I need a family vacation/ I mean a family vacation alone.» Når trubaduren førestiller seg eit liv etter dette, skjer det i «Hell,» der han får plass på eit softballag med eit pent knippe diktatorar.

Heile 15 spor er det her, av høg kvalitet, for Wainwright er også sterk når det kjem til å kle ein bestemt song på den rette måten. Lifetime Achievement er flott spelt, med ei rekkje framifrå musikarar, og variasjonen i uttrykket er god – det er til og med plass til eit par a capella-nummer.

Mannen fyller straks 76 år og legg rett etterpå ut på turné i Storbritannia.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis