Musikk
20 i stil og innhald
Albumet Noriaki er ein triumf for det nøkterne.
Albumet vart spelt inn i Hov kyrkje. Frå venstre Jon Balke, Endre Ruset og Stian Omenås.
Foto: Sven Andréen
Den japanske skihopparen Noriaki Kasai har truleg ei mengd uslåelege rekordar. Han har flest OL-, verdsmeisterskaps- og verdscupdeltakingar. Han har rekord som eldste deltakar og medaljevinnar også. På dei i alt 640 startane blei det rett nok berre eitt meisterskapsgull, skiflyging i Harrachov i 1992, men Noriaki Kasai er ei plate verd.
Diktsamlinga Noriaki av Ruset kom på Flamme Forlag i 2017, og seinare har Ruset og Omenås laga ein konsertversjon. I november i fjor fekk dei to med seg Balke og spelte inn plata i Hov kyrkje.
Alle dei 142 haikuliknande dikta har med namnet Noriaki. Dei aller fleste er augneblinksbilete knytte til naturen og gjerne ei årstid, som det høver seg eit haikudikt. Ruset følgjer Kasai gjennom den 34 år lange karrieren: «første snøfall/ Noriaki va°kner/ himmelen blomstrer» (andre strofe) og diktsamlinga sluttar med «av alle gule blader/ som faller mot snøen/ er Noriaki det vakreste».
Ruset les nøkternt. Lyttaren går ikkje glipp av ei einaste verselinje. Trykk og pausar er brukte med varsemd, men er likevel fint integrerte i dei musikalske omgjevnadene til Omenås og Balke. Det kjem av den lyttande musiseringa. Det nøkterne i deklamasjonen til Ruset har sitt motsvar i minimalismen til Omenås og Balke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.