Musikk
Musikk utan byrjing eller slutt
På sitt sjette album lèt Big Thief popmusikken flyte endå meir over i stemningar.
Big Thief er no ein trio. Ikkje alle er like lei seg for det.
Foto: Daniel Arnold
Då Big Thief vakna opp utan Max Oleartchik i juni i fjor, sakna dei ikkje berre bassist. Dei sakna retning. Ikkje før dei sette samen «Grandmother», den første låten som trio, merka dei at dei var på veg mot noko riktig. Men låten mangla likevel eit overordna grep, og nokon meinte at dette grepet kunne oppsummerast i eit namn: Laraaji.
Ifølgje språk berre åndeleg påkopla i New York skjønar, tyder Laraaji «salig oppsluking i den evige lydstraumen». I denne samanhengen tyder det òg ei litt gløymd legende i moderne musikkhistorie, ein mann den grensesprengjande produsenten Brian Eno oppdaga i ein park og spelte inn plate saman med. Laraaji forløyste ein kunstnarisk stagnasjon hos Eno. Førti år seinare kan det verke som han gjer det same for Big Thief.
Inviterer til tolking
Bidraget til Laraaji på «Grandmother» er vel meir å forstå som nynning og lalling. Nokon vil kanskje kalle det ralling. Vakkert og sjeldsynt er det i alle fall. Frå den mørke røysta dansar inn i låta etter rundt minuttet, er det som om frontfigur Adrianne Lenkers spede, men markante røyst får ein ny kant, og det er vanskeleg å seie kvar songen startar og sluttar.
Det er fordi «Grandmother» er eit nøkkelspor for Double Infinity, det sjette albumet til Brooklyn-trioen. Låten om kjærleik og smerte på tvers av generasjonar har ei forløysande kraft som spreier seg over heile albumet. Og viskar ut skilnadene mellom trio og kvartett.
Sidan 2017 har Big Thief tøygd indierocken mot opne strukturar og tekstar som inviterer til tolking. Frå Masterpiece til gjennombrotet Dragon New Warm Mountain I Believe in You i 2022, og vidare til røynda utan bassist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.