Kunst

Museum i limbo

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum ligg i Munkegata i Trondheim.
Publisert

Med utstillinga Mater får publikum endeleg gå inn i hovudsalen til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Bygningen har vore stengt sidan februar 2021. I årevis har museet streva med lekkasjar, sopp og asbest.

Den karakteristiske teglsteinsbygningen i Munkegata opna med brask og bram i 1968, spesielt laga for å vise kunstindustri og kunsthandverk. Framleis er dette det einaste kunstindustrimuseet i Noreg. Men snart forlèt Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum bygningen sin for godt. Museet er slått saman med Trondheim kunstmuseum og skal etter planen samlast i eit splitter nytt bygg tilpassa nye krav til utstillingar. Derfor er framtida til den gamle museumsbygningen høgst usikker.

Landet over står etterkrigsmodernistiske bygningar som dette under særs sterkt press, mange er alt jamna med jorda. Det er kanskje ikkje så mange som græt puta våt av utviklinga; det er vel ikkje å overdrive å hevde at det stramme, tørre uttrykket er lite verdsett.

Det er på tide å sjå med nye auge på bygningar frå denne perioden og då særleg på ei arkitektonisk perle som Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Arkitekten er Herman Krag (1920–1982), som prega Trondheim med ei mengd modernistiske bygg i tillegg til å undervise ved NTH (Noregs tekniske høgskole).

Museumsbygningen inngår i den lange tradisjonen for bruk av tegl i Trondheim. Men innanfor den raude steinen gøymer det seg ein hovudstruktur i betong, eit materiale som gjer det mogleg å fylle fasaden med smale, slanke vindaugsflater. Vindauga gir ein fin og eigentleg svært sjeldan dialog mellom det som går føre seg i museet, og det travle bylivet i gatene utanfor.

Inngangspartiet har to dører utforma med liggjande rektangel i glas i svart innramming, ei særprega utforming som fekk ein journalist som var til stades ved opninga, til å spørje: «Hva kan ha inspirert arkitektprofessor Herman Krag til en sånn sjokoladeautomat?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement