Muntert om dystert tema
Alle fantastiske ting! er morosamt, rørande og inkluderande teater.
Espen Hana står åleine på scena.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Dette er eit sjeldsynt stykke teater som fortener eit langt liv på mange scenar, for den enkle bodskapen – så suverent overlevert – har adresse til alle som slit, og alle som ser andre slite: Hald ut! Livet er alltid verdt å leve.
Historia er like enkel som ho er genial. Ein sju år gammal gut opplever at mor hans hamnar på sjukehus etter eit sjølvmordsforsøk. På venterommet utanfor rommet ho ligg på, gir guten seg til å lage ei liste over alle fantastiske ting i verda, ting som gjer livet verdt å leve. Frå iskrem via overraskingar til skikkeleg gamle menneske som er snille og ikkje er merkelege og ikkje luktar rart. Lista veks og veks og følger guten – av og på – gjennom livet. Ho er ingen trylleformel, men kan gi eit lyft i tilværet.
Framsyninga er ein monolog, framført av sjuåringen, som etter kvart blir vaksen. Det er ei historie full av rare, små ting som kallar på latteren. Og Espen Hana tek vare på alle poenga i teksten, store og små, og lèt oss le med – ikkje av – hovudpersonen. Hana er høgt og lågt i rommet, heilt avslappa sjølv i dei mest hektiske scenane, viser ekte speleglede og spreier varme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.