Teater

Munter svingom med bondekomedie og eventyr

Skodespelarane plukka opp gamle travarar under open himmel.

Hanna-Maria Grønneberg, Sindre Strand Offerdal og Per Bogstad Gulliksen i det kjende eventyret om Tornerose.
Hanna-Maria Grønneberg, Sindre Strand Offerdal og Per Bogstad Gulliksen i det kjende eventyret om Tornerose.
Publisert

Nationaltheatret har no på forsumaren, og under dei rare tilhøva teateret har for tida, funne høve til å sjå med notidsbriller på eit par stykke som for bra lenge sidan var gjengangarar på norsk scene. Det fyrste, Hulda Garborgs Rationelt fjøsstell, skal visst vere det mest spelte norske skodespelet nokosinne. Helst er det nok ungdomslaga som har blåse opp spelefrekvensen. Likevel, utgjeve i bokform i 1896 fekk stykket den første «proffe» framføringa si på Christiania Theater vinteren 1897.

Einaktar

Og dramatikaren Hulda Garborg skal ein ikkje kimse av. Inga anna norsk kvinne har skrive og fått framført så mange skodespel som ho. Rationelt fjøsstell var neppe det beste av dei, men at det i si tid gjorde lukke, er sjølvsagt grunn god nok til å kaste eit nytt blikk på det.

Ein liten einaktar, nærast ei skisse, er dette stykket, med tydelege peikarar til Molière og Holbergs komediar, der det komiske botnar i konflikten mellom jordnær gamalklokskap hjå foreldre og skuleflink opposisjon i generasjonen under.

Nationaltheaterskode-spelarane, som no har spela stykket i borggarden på Bogstad gard, har kvikt og leikent understreka det opphavlege poenget. Men framsyninga deira er òg distansert, det vil seie ironisk også til sjølve stykket. Opplegget er provisorisk, med vagt antydande rekvisita og kostyme, og alle går med manus. Scenetilvisingane vert lesne høgt, og det kjem jamleg avsidesreplikkar der skodespelarane kommenterer teksten og kvarandre, til dømes forklarer dei mange av dei mest arkaiske nynorskglosene for kvarandre – og oss.

Eventyr

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement