Teater

Munter dølavrikk med hint til Vinje

Telemarkentertainer byr på litt Vinje, litt norskdomssatire og seg sjølv.

Leif Arild Sanden spelar A.O. Vinje.
Leif Arild Sanden spelar A.O. Vinje.
Publisert

Ved eit 200-årsminne er det eigentleg rimeleg at ein nasjonalbauta som Aasmund Olavsson Vinje får ei scenehyllest. Nokre av oss hugsar med glede Ein hippie frå Telemark med Gisle Straume for over 30 år sidan. Den framsyninga var sterkt knytt til Vinjes verk og livshistorie. Det den livfulle og sjarmerande Leif Arild Sanden syner oss, er visseleg noko anna.

I eit standup-liknande monologteater på om lag ein time fortel Sanden først om korleis han har fått den vanskelege oppgåva å lage teater om Vinje. Gjennom anekdotar og kommentarar som illustrerer det typisk norske og sjølvmotseiande tvisynet på godt og vondt, glir han gradvis over i rolla som Vinje sjølv.

Noka perlerad av Vinje-dikt og Vinje-songar får vi ikkje. Heller ikkje nokon biografisk revy, men i små glimt får Sanden fram det klokt ironiske i livsærendet til Vinje. Vi får sjå det tidlause i det. Diskré og stemningsfullt følgjer tre musikarar med i svingane mellom fortid og notid.

Det er ei litt uvanleg teaterhending – og ære vere teateret for det. Leif Arild Sanden ser vi gjerne att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement