Bok

Møte mellom ord

Helge Torvund får eit grep om Arne Garborg som sistnemnde aldri kan få.
 

Helge Torvund vart fødd på Jæren hundre år etter Arne Garborg.
Publisert Sist oppdatert

Georg Johannesen sa støtt at alt det han skreiv, var sett saman av sitat, og i Der hegre stig trakkar Helge Torvund i fotspora til bergensaren. Dikta er ifølgje han bygde rundt sitat frå prosaen til Arne Garborg, og med påhalden penn har Torvund skapt nye tekstar, nye dikt.

Med eit fancy ord kan ein kalla det sampling, eit ord henta frå popmusikken, der greia er at ein tek ut brokkar og bitar frå andre låtar og byggjer dei inn i eigen låt, ein ny komposisjon. Noko av det same gjorde Henrik H. Langeland med Marcel Proust i romanen Requiem (2000), så det er faktisk ikkje noko nytt i litterær samanheng.

Samanhengar

I føreordet gjev Torvund oss nokre vink om kva for «metode» han har nytta i arbeidet med og mot Garborg. Han vert ein forseinka redaktør (eller kurator) av tekstane til Garborg der han leikar og spelar med forfattaren, og set orda hans inn i samanhengar den gamle jærbuen aldri kunne ha sett føre seg.

Eit avsnitt frå fyrste diktet: «Når det blæs kan ein høyra/ døyvde brak av brytande bølgjer./ Eg saknar den vaknande vind.» Det er fånyttes å freista finna ut om dette er Garborg eller Torvund. Det er sjølvsagt båe to, i ein underleg miks.

Men er det god poesi? Det er ikkje dårleg (kan Garborg vera dårleg?), men den spesielle skrivesituasjonen gjer at lesaren ikkje heilt stolar på vurderingsevnene sine. Berre det tykkjer eg er interessant og tankevekkjande. Noko godt kjem det då ut av eksperimentet, til dømes fyrste avsnittet av «Trøyst»: «Når eg såg utover den vide vene verda mi/ i måneskin i går kveld, vart eg sorgfull./ For aldri i mitt liv kan eg skildra slikt som dette./ Det er for stort. Det er for vakkert». Det er noko opphøgd, sublimt, over desse orda, som går rett til hjarta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement