Moskva, vi har eit problemDen storslagne russiske romfartsfilmen har appell.DRAMA/THRILLERRegi:
Den storslagne russiske romfartsfilmen har konve nsjonell appell.
Romfartsscenene er spektakulære, og spenninga innimellom intens.
Foto: Storytelling Media
I 1965 vart kosmonauten Aleksej Leonov (Mironov) første mann til å sveve i verdsrommet. Spacewalker skildrar den historiske reisa til villbassen Leonov og romfartskameraten Pavel Beljajev (Khabenskij) med pomp og prakt. På bakken står den stødige sjefen Sergej Koroljov (Iljin) i spissen for laget som skal styre dei to trygt heim. Alt går ikkje så greitt som sovjetisk fjernsyn fortel.
Nasjonssoge
Sjangerspesialisten Dmitirij Kiseljov skildrar sovjetisk historie på høgt nivå. Tevlinga med USA om prestisjetunge milepålar i kosmos var viktig for begge stormaktene i den kalde krigen. Denne russiske storfilmen kosta flesk og hadde premiere i høve kosmonautdagen. President Putin var nøgd med produktet. Som her til lands er nasjonale heltar populære på film. Sidan styresmaktene på sekstitalet sytte for å skjule alle skandalar, var dei mest dramatiske detaljane frå ferda lenge løynde.
Det får filmen fram. At ein avbryt ei historisk sending for å vise opptak av ballett frå Bolsjojteateret, er aldri eit godt teikn. Uroa for å hamne på kant med overordna skin òg gjennom. Klippen tar ein kunstpause då Koroljev kjem med ei symbollada setning: «Her i landet flyg vi med lenker rundt føtene frå vi er fødde, elles mistar vi kontrollen.» Rammene er strenge, lojaliteten tvillaus.
Hollywood, CCCP
Her er ingen filmatiske krumspring. Spacewalker er ei klassisk heltehistorie i Hollywood-format. Ingrediensane er som venta i eit kommersielt thrillerdrama om romfart. Til tider blir det kvalmande pompøst når blåsarane brakar laus oppå svulstige strykarar. Men når det er sagt, er handverket upåklageleg. Romfartsscenene er spektakulære, og spenninga innimellom intens. Dei tre sentrale skodespelarane står støtt med melodramatiske dragningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.