Bok

Mørkt i dei stille grender

Stille grender er noko så uvanleg og uventa som ei velskriven og til tider medrivande forteljing om mord og etterforsking.

Martin Baldysz har skrive fleire romanar. Han har òg skrive ein serie under psevdonymet Karen Støylen.
Publisert Sist oppdatert

Boka skildrar sterke motsetningar i ei avsidesliggjande bygd mellom fjord og fjell på Sunnmøre, der sjølve naturen og haustmørket får ein nesten mytisk og magisk effekt. Slik sett er ho trygt innafor sjangerkrava til ein heilt vanleg kriminalroman, samstundes som den språklege framstillinga og miljøskildringa løfter boka til eit nivå på høgd med det meste i norsk krim gjennom dei siste tiåra.

Då snakkar eg ikkje om den nokså avgrensa tradisjonen med krimbøker på nynorsk, der berre nokre få forfattarar har markert seg dei siste 30–40 åra – nemnast kan her til dømes Audun Sjøstrand, Idar Lind, Kolbjørn Hauge og Magnhild Bruheim. Martin Baldysz er sjølvsagt i godt selskap med desse, men ein må passe seg for å snakke om «mord på målet» eller «bygdekrim», for vi har med gode kriminalromanar å gjere, heilt enkelt.

Fast etterforskar

Baldysz’ kriminalroman blir lansert som første band i «Ryer-serien». Også på denne måten er romanen i godt selskap med svært mykje av norsk krim, men skil seg ut ved å la overbetjent i Ålesund-politiet Johan Ryer ta med seg søstera Sonja på det første oppdraget han får med å etterforske eit mord i bygda Mardalen. Lensmannen der oppe treng hjelp, og Johan er både glad og nøgd med å få eit slikt oppdrag slik at han kan vise dei over han i politiet kva han duger til. At han til slutt klarer å overtale Sonja til å bli med, er avgjerande for heile krimhistoria.

Mange feilspor

Sonja står i det ein mildt sagt må seie er ein vanskeleg livssituasjon, men blir liksom ein annan person som assistent Ryer etter at ho og broren har sjekka inn på Hotell Urken. Utspørjinga av alle som kan tenkjast å ha noko å seie som kan vere til hjelp for oppklaringa av drapet på Hedda Fosen, dotter til sjølvaste storbonden i dalen, kan byrje. Drapet på Hedda er uvanleg grovt, og forfattaren går ikkje av vegen for det groteske og makabre i skildringa av liket, som elles kjem fort i jorda, utan at korkje prest eller lensmann blir informert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement