Musikk

Mørke reiseskildringar

En Route har opplagde hi-fi-kvalitetar.

Asbjørn Lerheim (nr. 3 f.v.) har komponert alle låtane på albumet. Her saman med Roger Arntzen, Torstein Lofthus og Atle Nymo.
Publisert Sist oppdatert

Chrome Hill har eg følgt med interesse heilt frå byrjinga for 25 år sidan. Det vil seia dei siste 17 åra under noverande namn og før det under namnet Damp. En Route er det fjerde albumet til bandet, og som dei seier: «Det er på mange måter det mest ærlige albumet vi har laget.»

Mektige lydlandskap

Om dette viser til den transparente studiolyden dei har fått til i Amper Tone Studio og den briljante miksen til produsenten Johnny Skalleberg, så, ja, dette kan heilt sikkert karakteriserast som ærleg. Eit stort pre ved plata er det i alle fall.

Asbjørn Lerheim har skrive alle dei åtte låtane, og dei spenner frå røff rock (tittelkuttet) via frijazz/støyelement (samarbeidet med den japanske duoen Dojo har sett spor) til mektige filmatiske lydlandskap. Dei kallar musikken jazzrock noir, og i vrimmelen av sjangernyansar er dette ein som faktisk gjev meining.

Kombinasjonen av bassklarinett, Fender bass VI og/eller barytongitar gjev til tider eit alvorstungt lydbilete. Barytongitaren med den spesielle twangen fører tankane til ein av filmmusikkens store meistrar, Ennio Morricone. Som komponist har Lerheim plukka opp eit og anna triks av den italienske maestroen.

Spanande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement