Film
Morbid morskap
Eg fekk vondt i magen av mørk, stødig skrekkfilm frå Australia.
Menneskelege drama driv den psykologiske spenninga i skrekkfilmen Bring Her Back.
Filmweb.no
Andy (Barratt) og systera Piper (Wong) finn faren død i dusjen. Svaksynte Piper blir send i fosterheim. Andy er til hjelp og blir med fram til han kan bli verje for systera. Fostermor Laura (Hawkins) er intens, og lever med den tause sonen Oliver (Wren Phillips) og katten, etter at dottera døydde. Entusiasmen Laura viser for Piper, skil seg frå måten ho manipulerer Andy på. Jenta får rommet til den avlidne dottera. Både Oliver og katten er helst innestengde. Mykje skurrar.
Underverda
Dei oseaniske gigantane Australia og New Zealand er sterke på skrekk. Tenk på australske Picnic ved Hanging Rock (1975) av Peter Weir, eller filmane til Jennifer Kent, The Babadook (2014) og The Nightingale (2018). Den store Tolkien-tolkaren frå New Zealand, Peter Jackson, laga splatterar som Bad Taste (1987) og Braindead (1992). Oscar-vinnar Taika Waititi og Jemaine Clement tok komiske grøss vidare med Things We Do in the Shadows (2014).
Tvillingane Danny og Michael Philippou slo seg opp som youtubarar ved å blanda skrekk og humor. Spelefilmdebuten Talk to Me (2023) samla ny og gamal ungdomskultur då mobiltelefonar og sosiale medium møtte okkult leik der ein freistar snakke med ånder. Han var skummel, men Bring Her Back er eklare. Båe handlar om tap av nokon i familien. Grøssarsjangeren passar for å snakke om skrømta våre.
Grensa
Bring Her Back tar opp traume og å takle død hjå dei næraste. Ein laus sidespegel på bilen til Andy kan symbolisere ein skakk måte å sjå fortida på. Vatn går igjen. Dusjen, styrtregnet, at dottera til Laura har drukna. Regissørduoen frå Adelaide meistrar sjangeren. Menneskelege drama driv den psykologiske spenninga medan det brutalt blodige truar. Dei verste mareritta kan avle noko verre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.