Film
Moralsk vinnar
Jafar Panahi fekk Gullpalmen for ein framifrå film full av raseri, humor og ypparleg historieforteljing.
I filmen til den iranske regissøren Jafar Panahi møter vi ein mann som kidnappar den tidlegare fangevaktaren sin.
Foto: Arthaus
Ein familie køyrer bil utanfor Teheran. Stemninga er god. Så humpar dei over eit dyr i mørket. Bilen får trøbbel og dei finn ein verkstad. Der reagerer den tilsette Vahid (Mobasseri) sterkt når han skimtar mannen i familien.
Perspektivet skiftar til Vahid. Han gøymer seg. Så følgjer han etter familien. Eg forstår ikkje kvifor. Men berre vent. Brått er mannen kidnappa. Offeret er kanskje ein skurk?
Hemn
Som så ofte før er moralske dilemma i sentrum av eit iransk drama. Igjen er det gjort på meisterleg vis. Dialogen er drivande god. Vi blir kasta rundt i skakande vendingar, sjølv om det i all hovudsak er samtalar. Det er spennande. Veldig spennande. Gruppa av sentrale karakterar spelar intenst og med overtyding.
Oppfarande folk snakkar om skuldingar om samansverjing og propaganda mot regimet. Fengsling av demonstrantar. Tortur. Kven har rett eller plikt til å straffe kven. Dei drøftar system mot individ. Er hemn rett? Skal ein handle med risiko eller ligge lågt for å unngå auga til styresmaktene?
Landskapet vekslar mellom metropolen Teheran og ørkenen utanfor. Bileta seier mykje, anten dei er vakre eller smart, stygt velkomponerte. Ei ramme kunne vore kalla «Brud i grus ved betong». Kameraarbeidet er lynskarpt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.