Mora

Tracey Emin: «The Mother» står ved Munchmuseet i Oslo.
Tracey Emin: «The Mother» står ved Munchmuseet i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Utanfor Munchmuseet, på eit lite nes mot fjorden, ruvar «The Mother» av den britiske kunstnaren Tracey Emin. Den ni meter høge bronseskulpturen vart montert i sommar og har alt sanka ein god del kritikk.

Sist eg var i Oslo, fekk eg endeleg sett kunstverket med eigne auge. Eg vitja henne ein varm søndag i august, og det var nesten surrealistisk å sjå skulpturen sitje på kne i ugraset, så diger at dei mange badegjestane som låg tett i tett kring henne, verka ørsmå. Den kvinnelege kolossen har stor og knudrete mage, slappe lår og tynne armar. Ansiktet er uformeleg, uråd å tyde.

Det er noko urovekkande over måten ho krøker seg over det ho held i armane, på. Kva har ho eigentleg i handa, kan det vere ein slags ring? Kvinna verkar tyngd, kanskje einsam. Tracey Emin har valt å ikkje forme eit barn som kan halde henne med selskap. Såleis skaper skulpturen forteljingar: Kvar er barnet – kvifor er det ikkje her? Er ho mor, eller skulle ho ha vore det?

Eg granska «The Mother» frå fleire kantar, syntest det hadde ein intensitet som ein sjeldan ser i kunst som er plassert i offentlege rom. Samstundes som eg lét meg begeistre, registrerte eg at absolutt ingen av dei badelyste som vrimla kring meg, kasta så mykje som eit blikk på figuren. Han var alt ein del av eksteriøret.

Trass i mangelen på interesse synest eg det var ekstra fint å sjå skulpturen i lag med dei lettkledde i strandkanten. Menn og kvinner som naut sola, mange med store lår og magar som likna meir på fasongen til «The Mother» enn på dei nådelause ideala om sommarkroppen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement