Monets fredsbidragPARIS: Våpenkvila for 100 år sidan utløyste Claude Monets store prosjekt «Vassliljer» i Musée de l’Orangerie.

PARIS: Våpenkvila for 100 år sidan utløyste Claude Monets store prosjekt «Vassliljer» i Musée de l’Orangerie.

Ynskjer ein ei stor, stille og fredeleg kunstoppleving, er Musée de l’Organgerie å anbefale.
Ynskjer ein ei stor, stille og fredeleg kunstoppleving, er Musée de l’Organgerie å anbefale.
Publisert

Den 12. november 1918, dagen etter at dei allierte og sentralmaktene inngjekk våpenkvile etter første verdskrigen, skreiv målaren Claude Monet til sin gode ven, Frankrikes statsminister Georges Clemenceau: «Eg held på å avslutte to dekorative veggmåleri som eg ynskjer å signere med sigersdatoen, og vil spørje Dykk om å få donere dei til staten, med Dykk som mellommann; det er lite, men det er den einaste måten eg kan delta i sigeren på.»

I Giverny, 75 kilometer vest for Paris, hadde Monet skapt eit paradis, ein eigedom der han hadde opparbeidd ein vakker hage med dam. Her fekk han vassliljer til å blomstre, i ein idyll som skulle inspirere han til om lag 250 vassliljemåleri. Men Monet hadde ein idé om å lage store veggmåleri med vassliljer, som i det rette lokalet skulle bli ein fredsoase. Han tok til på dette arbeidet allereie same året som første verdskrig braut ut.

Venskap

Få dagar etter våpenkvila, den 18. november, kom Clemenceau på vitjing. Han overtalde Monet til å lage enda fleire store vassliljemåleri som gåve til staten for ei permanent utstilling.

Arbeidet med å finne eigna lokale i Paris tok til. Monet stilte krav. Utstillingslokalet måtte vere ellipseforma, og det måtte ha nok lys. Monet takka nei til fleire forslag. Valet fall på L’Organgerie, ein bygning i Tuileries-parken som kunne byggjast om til føremålet. Namnet skriv seg frå den gong det låg eit oransjeri – eit drivhus for appelsintre – der.

Monet gav alt for dette prosjektet i åra som kom. Dette skulle bli hans endelege meisterverk. Med inspirasjon frå hagen sin arbeidde han på dei store måleria heilt fram til han døydde i desember 1926. Utstillinga «Nymphéas» vart opna i mai 1927 av den urokkelege støtta hans, Georges Clemenceau.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement