Musikk
Mjuk presisjon
Å lytte til Jouska er rein hugnad.
Marit Othilie Thorvik, altså Jouska, i indre dialog ute.
Foto: Hans Olav Settem
«The Dictionary of Obscure Sorrows» er eit ordskapingsprosjekt der det amerikanske multitalentet John Koenig set ord på kjensler som enno ikkje har namn.
Prosjektet starta som ei nettside og ein YouTube-kanal, og vart samla i ei ordbok. Koenig byggjer orda på eigne språkvitskaplege studium. Både nettsida og boka liknar ved første blikk på vanlege ordbøker, og videoane på YouTube utdjupar nokre ord i essayliknande filmar.
Fleire av orda uttrykkjer eksistensielle kjensler og freistar å fylle «hòl i språket», ofte inspirert av lesarane sine eigne opplevingar. Merkeleg nok er boka ikkje omsett til nynorsk. Eg reknar med at nokon tek ansvar.
Det er her Jouska har funne namnet sitt. Ifølgje ordboka til Koenig er jouska omgrepet for hypotetiske indre dialogar ein spelar ut i hovudet sitt. Slike ein nyttar for å rydde i eigne kjensler, førebu seg på vanskelege samtalar eller stille trongen til meir verknadsfulle samhandlingar enn røynda gjev rom for. Forenkla «Eg burde ha sagt det»- eller «Kva om dei seier sånn?»-samtalar. Ein slags meditasjon.
Klangtvilling
Ordet har ein klangtvilling på fransk, jusqu’à og jusqu’en, som i tydinga inntil, fram til, heilt til. I ei setning: Il fait souvent doux jusqu’en octobre, det er ofte mildt heilt til oktober. Begge definisjonane er treffande for musikken til bandet Jouska. På tre album har dei skapt kviskrande og forsiktige lydbilete og melodiar, milde som ein fønvind i oktober.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.