Bok
Mjølka og livet
Mette Karlsvik har skrive ein sterk roman om kjerneverdiar.
Mette Karlsvik har fått fleire litterære prisar etter romandebuten i 2005.Mette Karlsvik har fått fleire litterære prisar etter romandebuten i 2005.
Foto: Tove K. BreisteinFoto: Tove K. Breistein
Roman
Somme tider skulle ein beintfram tru at skjønnlitterære forfattarar i Noreg har gjort avtalar om kva for emne det skal skrivast om, og i år finn ein såleis fleire bøker som handlar om graviditet og barsel. Ei av desse bøkene er den nye romanen til Mette Karlsvik.
Hovudpersonen i boka fører ordet, ho heiter Beate og har reist til Island for å skriva ein roman om Thor Jensen, dansken som emigrerte til sagaøya og vart den rikaste mannen der, mellom anna med meieridrift i stor stil. Det store meieriet, det største i Norden, er no bygd om og gjer teneste som kunstnarbustader og atelier av ymse slag, og der skal Beate bu og skriva.
Etter kort tid vert Beate kjend med ein islending som heiter Kjell. Den sylkvasse lesaren ser straks for seg at det vert eit par av dei to, og snart er det stadfesta av teksten, slik at lesaren kan kjenna seg klok, noko som kjem godt med om han eller ho nettopp har fått nok eit intellektuelt ulivssår av den vanskelege sudokuen i Bergens Tidende (BT), til dømes. Ja, berre til dømes, altså.
Ambivalens
Beate er skildra som ein konstant ambivalent person, ho analyserer alt og alle, ikkje minst seg sjølv, og ho gjer det med forskarblikk. Om ho eigentleg er forelska i Kjell, veit korkje ho eller lesaren, ho tvilar på om ho veit kva kjærleik er, og ho romantiserer ikkje Kjell på nokon måte, ho konstaterer det som er, ikkje det som er uhandgripeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.