Bok

Mitt kongerike for ei ku

Hos Tore Stubberud er kua eit fascinerande vesen med sjølvsagd rett til eit fullverdig liv.

Tore Stubberud er forfattar, filosof, forleggjar og økobonde.
Publisert Sist oppdatert

Tore Stubberud levde i mange år eit urbant og intellektuelt liv som forfattar, kulturjournalist, forleggar og omsetjar før han braut over tvert og kjøpte seg eit bruk i heimtraktene utanfor Sarpsborg. Her har han drive med kyr av ein spesiell fransk rase som han fall pladask for då han såg dei for første gong på reise i heimlandet deira. No har han skrive bok om samlivet med dei høgt elska dyra. Sjeldan har eg lese noko som skildrar samliv med dyr så både nyfikent og respektfullt.

For omkring fem år sidan gav forfattaren ut Berikelsen. Både i form og noko i innhald heng dei to bøkene saman. Begge er sjølvbiografiske romanar som fortel om barndomstraktene til forfattaren, og frå delvis same tidsperiode gjennom mykje av 1900-talet. Østfoldingen skriv fram eit samfunn av arbeidsfolk og småbønder. Det var openbert eit stritt liv. Likevel legg Stubberud vel så mykje vekt på kor vitalt og særprega dette samfunnet var, gledene folk hadde, ikkje minst sanselege. Når både industrien og gardsdrifta vart avvikla, gjekk ein heil kultur, med eit rikt språk og eigne omgangsformer, tapt.

Når Stubberud startar på sitt nye liv som bonde, har han trong for å ta attende noko av det tapte. Kyrne hans får eit fritt liv ute på beita som han har sett i stand til dei med stor omsut. Her skal bli naturleg fòr og naturleg bedekning, ikkje noko inseminering her i garden. Kalven får vere med mora til han er eit halvt år.

Kua av kua

Når det etterlengta feet endeleg kjem til gards, går det ikkje heilt som i draumane. Det er både underhaldande og interessant å lese dei openhjartige skildringane om klønete tilkortkoming den første tida med dei svære dyra. Den nyslåtte bonden er rett og slett redd sine eigne dyr. Limousinen er ein stor rase, ein vaksen okse kjem fort opp i over 1200 kg.

Tryggast å følgje dei på trygg avstand frå andre sida av gjerdet. Nølande og sakte vågar han seg etter kvart meir innpå. Redsla gjer at han har trong for å dominere dei med tvang og trugslar. Det fungerer dårleg. Etter mykje feiling og frustrasjon både hos dyr og menneske skjønar han omsider at eit godt samvær krev at han møter kyrne som ein likemann, ein ven – på sett og vis som ein del av flokken, men likevel tydeleg i ei anna rolle. Slik blir han fullt akseptert og kan gå blant dei som han, og ikkje minst dei, vil – utan stivna posisjonering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement