JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Minneord: Jostein Fet (1924–2023)

Han knuste myten om analfabetane på bygdene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

5739
20230804
5739
20230804

Da Jostein Fet vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen i 2017, vart forskingsinnsatsen hans samanfatta slik: «Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom dei mange litteratursosiologiske forskingsarbeida sine, og har på eit viktig punkt revidert norsk historieskriving: Norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet eigde bøker og var langt meir lesande og skrivande enn norske historikarar tidlegare har framstilt dei som.»

Orda var velfortente og dekkande og representerte eit høgdepunkt i eit livsløp som lenge følgde ein vanleg veg for gåverik bygdeungdom. Etter eit hovudfag i norsk litteratur arbeidde han i tre år på Telemark landsgymnas, før han vart lektor i norsk på lærarskulen i Volda i 1958. Rundt 1970 var han med og arbeidde for at det skulle leggast distriktshøgskular til bygdemiljø, og han vart sjølv ein av dei første tilsette ved høgskulen i Volda. Der brukte han hovudtyngda av arbeidskrafta si på undervisning og administrasjon, medan han samla forskingsmateriale på fritida. Først i 1995, fem år etter at han gjekk av som høgskuledosent, kom det som har vorte ståande som det første hovudverket hans, Lesande bønder.

Boka hadde undertittelen «Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840» og representerte eit klart brot med det som enno var gjengs syn: Allmugen på bygdene var i hovudsak analfabetar fram til den store skuleutbygginga frå 1860 og frametter. Analysane vart førte vidare i oppfølgjaren Skrivande bønder frå 2003, der han gjekk gjennom eit stort utval skriftstykke frå bondehand. Da hadde delar av forskarverda teke til å ta inn over seg forskinga til Fet, men det er eigna til å forundre kvifor det tok så lang tid før synspunkta hans vart allment aksepterte.

Det var ikkje empirien det stod på, for den var botnsolid. Fet hadde gått igjennom alle registrerte skifte på Sunnmøre mellom 1690 og 1840, 12.570 i alt, saman med eit representativt utval skifte, i alt 4000, frå fleire andre sorenskrivardømme, og funne i alt over 14.000 bøker, som var godt spreidde både geografisk og sosialt. Talet var berre toppen av eit isfjell, meinte han, for det måtte ha vore mange bøker og prent som ikkje var funne verdige til å bli noterte i skifta.

Ei mogleg innvending mot påstanden om at bønder kunne lese og skrive, kunne vere at sjølv om dei åtte bøker, så var det ikkje sikkert at dei las dei. Fet argumenterte overtydande for at folk faktisk skaffa seg bøker for å lese, ikkje for å ha dei ståande som statussymbol. Innhaldet i bøkene gjer det sannsynleg. Det aller meste som vart registrert, var postillar, bønebøker, salmebøker og annan kristeleg litteratur, som i ei tid da pietismen og folkekristendommen var i sterk framvekst, vart brukte til å fremme og styrke trua. Sekulær opplysningslitteratur var det etter måten lite av, både fordi dette først vart vanleg mot slutten av perioden, og fordi folk som var interesserte, kunne låne bøker på dei første biblioteka som vart skipa i åra etter 1800.

Det er likevel mogleg resepsjonen av bøkene til Fet kan sette oss på sporet etter ei anna motsetning i norsk kultur og intellektuelt liv. Dei første som fagna dei lesande bøndene, var nynorskskrivande fagfolk som sjølve hadde bygdebakgrunn, som Ståle Dyrvik, som melde boka i Heimen, og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, som skreiv eit lengre essay om boka i Prosa.

Fet skreiv sjølv nokre år seinare at eit viktig motiv for å sette i gang med arbeidet, hadde vore det han kalla «ei slags kulturhistorisk solidaritetskjensle» med eigen bakgrunn. Ei slik erkjenningsinteresse, som Habermas har kalla det, er legitim når ho blir følgd opp med solid empirisk og metodisk arbeid, slik som her. Men ho står neppe høgt i kurs hos talsmennene for det ein kan kalle ein pedagogisk og kulturhistorisk nedsivingsteori, som kviler på eit dogme om at verdifull kunnskap har utspring i sentrale og anerkjente intellektuelle krinsar og blir spreidd ved at han blir systematisk tilrettelagt i eit organisert utdanningssystem.

Fet såg ikkje bort ifrå at lover og påbod om organisert undervisning var viktige for utbreiinga av lese- og skrivekunna. Tvert om meinte han uttrykkeleg at «[a]llmugeskulen frå 1739 var eit veldig løft i allmenndanninga» (LB s. 33). Ei hovudsak for Fet var likevel å vise at skriftkulturen var i utvikling alt før allmugeskulen, og utvikla seg parallelt med og delvis uavhengig av han. Det er dette synet som etter kvart har fått gjennomslag.

Eit slikt syn på lese- og skrivekunnskap må få følgjer for korleis ein oppfattar utviklinga i retning av større deltaking og medråderett for allmugen. Dei religiøse skriftene var i seg sjølve med på å stadfeste at det fanst ei verd av sams tankar og førestillingar utanom det lokale. Samstundes bar dei med seg sterke førestillingar om lydnad, framfor alt til Gud og hans ord. Når lydnadsbodet kom i konflikt med samfunnsautoritetane, låg det sprengkraft i det, noko som ikkje minst viste seg da haugianarane vart ei masserørsle. Den tidlege Hauge-rørsla hadde eit ambivalent tilhøve til bøker, viste Fet: Skrifter som ikkje viste vegen til det evige livet, var av det vonde. Verknadene av dette synet var likevel tvitydige: «På den eine sida stengde dei ute den verdslege litteraturen med sine nye tankar og kunnskapar, på den andre sida fungerte den haugianske lesinga som eit viktig ferment i alfabetiseringa av det norske allmugesamfunnet» (LB s. 197). Den omfattande brevvekslinga i rørsla gav i tillegg god skrivetrening.

Her ligg det spørsmål som bør granskast vidare. Om Jostein Fet sjølv gjekk bort den 16. juli, vil verket hans ikkje berre leve, det bør også stimulere til nye tankar og meir forsking i tida som kjem.

Ola Svein Stugu

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis