Musikk
Minimalistisk perle
Denne utgåva av Time Is A Blind Guide er den ultimate.
Thomas Strønen (t.v.) saman med musikarane Håkon Aase, Leo Svensson Sander, Ayumi Tanaka og Ole Morten Vågan.
Foto: Karstein Grønnesby / ECM Records
Thomas Strønen er ein av våre mest profilerte jazzmusikarar og har markert seg som ein unik katalysator og prosjektmakar. Han har denne kong Midas-effekten – alt han tek i, blir gull. Den tredje plata med Time Is A Blind Guide (TIABG) minner i alle fall meg om at dette er ei ramme for kreative prosessar som får fram det beste hjå Strønen både som komponist og orkesterleiar.
Heilt sidan den første plata i 2015 har han halde fast på besetninga med tre strykarar, fiolin, cello og kontrabass, og sjølv om cellisten på dei to førre platene, Lucy Railton, er bytt ut med Leo Svensson Sander, er denne besetninga og korleis Strønen komponerer for denne, sjølve varemerket ved TIABG.
Den andre sentrale dimensjonen er aksen Strønen–Tanaka. Den perfekte kjemien mellom dei to kjem til uttrykk på fleire ulike måtar gjennom plata, men på fascinerande eterisk vis på opningssporet «Memories of Paul» (ei dobbelhylling av både Paul Bley og Paul Motian).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.