Teater
Mindre kunne vorte meir
Forsøk på episk samtidsskildring blir fragmentarisk performance.
Preben Hodneland og Emil Johnsen spelar i stykket.
Foto: Gisle Bjørneby
Før denne teatermeldaren vurderer det han har sett denne gongen, er det naudsynt å tilstå at romanen stykket bygger på, ikkje er lesen på førehand. Det angrar eg litt på no, for i ambivalensen ein kan kjenne på overfor ein tekst som rykkvis verkar suggererande og sterk, men andre gonger heilt fundamentlaus, kunne det vore fint å sjølv vurdere den dramatiske tilrettelegginga. Det er ikkje fullt mogleg no, sjølv om vi sjølvsagt merkar at dette ikkje er tradisjonelt teater i tre akter, og at skodespelarane er mest som forteljarar, meir enn som etablerte roller. Formutforskinga er sjølvsagt ein viktig del av all scenekunst, men det har hendt før, og det hender no: Formleiken truar med å fortrengje innhaldet.
Spanande unge
Vi ser to unge menn på ein stor, naken scene, på eit plastgolv. Nokre bøtter med vatn og søle er plassert her og der, og dei blir tømde og grisa med på ulike vis gjennom den to timar lange framsyninga. I vekselvis monologar og dialogar får vi ei aning av ei historie om unge kjensler, generasjonsoppbrot, klassereise, valne kjærleikstilnærmingar, valdtekt og drapsforsøk. Dei to skodespelarane, Emil Johnsen og Preben Hodneland, gyv på med alt dei har. Dei spelar både seg sjølv og kvarandre, bokstaveleg tala, og dei spelar passerande bipersonar, dei går inn og ut av karakterar og situasjonar. Det vantar ikkje på dramatisk kraft og uttrykksfylde; det er heller ingen tvil om det er to av dei mest spennande unge i norsk teater vi her har med å gjere.
Uhandterleg bastard
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.