Musikk
Min song, din song
Cecilie Anna feirar låtskrivarkunsten på sitt eige vis.
Cecilie Anna syner respekt for handverket det er å lage ein song, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Paal Audestad
Første gong eg lytta til «I See a Darkness», ein av songane på Hommage County, det ferske albumet frå Cecilie Anna, tenkte eg at det var som å treffe på ein gammal ven. Det var ei stund sidan eg sist hadde lytta til Will Oldhams song, som eg held høgt – kven kan gjere noko anna? Men det hadde ikkje gått så lang tid at eg ikkje høyrde at songen no var utstyrt med nye akkordar og ny melodi.
Når ein kjem over ein song ein har kjær, og han med eitt framstår som noko heilt nytt – kva er det som skjer? Spørsmålet er ikkje så enkelt og tilforlateleg som det kan verke. For nokre år sidan pusla eg faktisk med ei spalte i denne avisa, «Kjærleik og tjuveri», som utelukkande var vigd til å stille det spørsmålet om igjen og om igjen, og det var stadig nye svar å finne.
Hadde eg halde det gåande endå, kunne eg ha vigt Hommage County ei utgåve. Eg tippar «I See a Darkness», framført av Cecilie Anna, vil fylle Oldham med glede. Tolkinga seier noko om kva som bur i songen, og er på den måten, i kraft av seg sjølv, ei slags hyllest, ein måte å seie takk på.
Tolkingsinvitasjon
Men det er ikkje det einaste Oldham har å glede seg over i møtet med eit album som dette. Det er nemleg tenkt som ein invitasjon til tolking, og det gir det ein unik kvalitet.
For songane på Hommage County er skrivne med fire røyster Cecilie Anna held høgt i tankane: Bill Callahan, Will Oldham, Endre Olsen og Anne Gjerstad. Dei to sistnemnde syng sjølve songane sine, medan Cecilie Anna syng for Callahan og Oldham.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.