Bok
Midtlivskrise
Når Aksel Selmer strammar til, lyser einsemda frå boksidene.
Aksel Selmer har skrive fleire diktsamlingar og romanar.
Foto: Esben Haakenstad / Zoom Foto
Marta er klassestyrar for ein tiandeklasse i ungdomsskolen. Ho er gift med presten Mons. Saman har dei to søner. Den eldste har flytta ut og driv idealistisk og økologisk sjølvberging på eit småbruk i indre Telemark. Den yngste går siste året på vidaregåande. Huset deira skrik etter oppussing og vedlikehald, men det blir aldri noko av. Derfor drøymer Marta om å flytte, men det blir det heller ikkje noko av.
Da må ein greie seg med det nest beste, som blir å lufte bikkja, sy eigne klede, puste på rette måten og samtidig drøyme seg bort for å balansere einsemd, mistrivsel og lengt etter eit anna liv. Mons driv også med sitt, og han er særleg opptatt av kyrkjekoret og den nye, kvinnelege dirigenten. Det hender det tar tid å komme seg heim frå øvingane.
Ironisk distanse
Marta og Mons og persongalleriet elles er observert med ein mildt ironisk distanse, og den løpande teksten er både poengtert, underhaldande og avslørande i enkle registreringar: «Jeg fascineres av at han aldri klipper de lange nesehårene sine.» Denne underfundige menneskekunnskapen i eit tragikomisk skråblikk er typisk for heile forfattarskapet, samtidig som Selmer også er solidarisk med dei personane han viser fram, og Marta, forteljaren i årets bok, er både klok og empatisk i møtet med elevane sine; ho ser dei ulike typane, den skoleflinke og taparen, og ho lar seg fascinere av den bråmodne outsideren Dennis, slik at ho taper all profesjonell dømmekraft. Tittelen Kysset refererer til akkurat dette.
Stille desperasjon
Det er ein stille desperasjon over Marta. Ho lever gjennom andre, gjennom elevane sine, eit knippe kollegaer, ei venninne frå ungdommen, og ho klamrar seg til dei to sønene, som lever sitt eige liv. Samtidig kjem ho lett i kontakt med andre, og tilfeldige møte utviklar seg fort til livshistorier, fortrulege skriftemål og overflatiske liksomvennskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.