Midtausten for open scene

Skodespelet om Oslo-avtalen held høg puls, men famlar litt i forma.

Preben Hodneland og Kjersti Dalseide er ranke og energiske som Terje Rød-Larsen og Mona Juul, men dei har likevel for lite mogen pondus til å illudere det føretaksame ekteparet, skriv Bent Kvalvik.
Preben Hodneland og Kjersti Dalseide er ranke og energiske som Terje Rød-Larsen og Mona Juul, men dei har likevel for lite mogen pondus til å illudere det føretaksame ekteparet, skriv Bent Kvalvik.
Publisert Sist oppdatert

Den no legendariske Oslo-avtalen var, som vi veit, ein idealistisk og vågal politisk operasjon for om lag 25 år sidan. I dag veit vi at det ikkje gjekk som ein vona den gongen, men det oppsiktsvekkjande ved forsøket, og alt arbeidet og nervepresset som må ha lege bak, kjem nok til å bli ståande som ein fascinerande passus i nyare politisk historie.

Historietime

For få år sidan vart det altså skodespel av denne saka: eit amerikansk Broadway-stykke som fekk den eine prisen etter den andre, ein stor «snakkis». På ein av verdas største teaterarenaer stod skodespelarar og spelte Terje Rød-Larsen, Mona Juul, Johan Jørgen Holst og Jan Egeland, for ikkje å snakke om alle Midtausten-profilane.

No har historia kome «heim» att, til ei norsk scene. Vi ser fort at dette er eit effektivt, velsnikra skodespel, forma med både klokskap og humoristisk snert. Det er for så vidt òg ein god politisk historietime. Utfordringa er å få fiksjonen til å stå i eit truverdig relieff til det autentiske.

For satirisk

I utgangspunktet er det ikkje noko gale med korkje skodespelarane eller Jens Sethmans nøkterne venteromscenebilete, som gir ei verdig offentleg miljøkjensle. Det er snøgg sus og fin dynamikk over regien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement