Midtausten for open scene
Skodespelet om Oslo-avtalen held høg puls, men famlar litt i forma.
Preben Hodneland og Kjersti Dalseide er ranke og energiske som Terje Rød-Larsen og Mona Juul, men dei har likevel for lite mogen pondus til å illudere det føretaksame ekteparet, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Erika Hebbert
Det Norske Teatret
J.T. Rogers:
Oslo
Omsett av Gunstein Bakke
Regi: Stefan Larsson
Scenografi og lys:
Jens Sethzman
Den no legendariske Oslo-avtalen var, som vi veit, ein idealistisk og vågal politisk operasjon for om lag 25 år sidan. I dag veit vi at det ikkje gjekk som ein vona den gongen, men det oppsiktsvekkjande ved forsøket, og alt arbeidet og nervepresset som må ha lege bak, kjem nok til å bli ståande som ein fascinerande passus i nyare politisk historie.
Historietime
For få år sidan vart det altså skodespel av denne saka: eit amerikansk Broadway-stykke som fekk den eine prisen etter den andre, ein stor «snakkis». På ein av verdas største teaterarenaer stod skodespelarar og spelte Terje Rød-Larsen, Mona Juul, Johan Jørgen Holst og Jan Egeland, for ikkje å snakke om alle Midtausten-profilane.
No har historia kome «heim» att, til ei norsk scene. Vi ser fort at dette er eit effektivt, velsnikra skodespel, forma med både klokskap og humoristisk snert. Det er for så vidt òg ein god politisk historietime. Utfordringa er å få fiksjonen til å stå i eit truverdig relieff til det autentiske.
For satirisk
I utgangspunktet er det ikkje noko gale med korkje skodespelarane eller Jens Sethmans nøkterne venteromscenebilete, som gir ei verdig offentleg miljøkjensle. Det er snøgg sus og fin dynamikk over regien.
At personane vi ser på scena ikkje liknar på originalane av utsjånad, gjer ikkje noko. Preben Hodneland og Kjersti Dalseide er ranke og energiske som Terje Rød-Larsen og Mona Juul, men dei har likevel for lite mogen pondus til å illudere det føretaksame ekteparet. Dessutan, saman med Gard Skagestad som Holst og Kyrre Hellum som Egeland, gjer dei eigentleg heile innleiinga til hendingane for satirisk til at vi kan ta det på ramme alvor.
Det ligg ikkje naudsynleg berre i teksten. Men rett skal vere rett: for eit internasjonalt publikum har nok dramatikaren tillete seg å gjere dei norske politikarane meir outrerte enn dei var. Og det i seg sjølv vert og tydelegare når stykket synast for eit norsk publikum, som kjenner desse personane frå Dagsrevyen. Det er derfor først når dei internasjonale forhandlingane endeleg kjem i gang, at framsyninga blir engasjerande og underhaldande på Det Norske Teatret. Anders Mordal, som på ei vekes varsel har teke over rolla som den palestinske politikaren Ahmed Kurei, gjer ein glødande innsats og skaper ein karakter med varme og substans. Geir Kvarme spelar den israelske diplomaten Uri Savir, og han er faktisk den i ensemblet som best greier å balansere mellom alvor og skjemt, eit fascinerande rollearbeid.
Språkutfordring
Den største utfordringa med ei framsyning som denne er likevel sjølve språket. Det er ikkje til å kome forbi: Det blir underleg at norske og utanlandske politikarar snakkar norsk saman, det vil seie at språket er det same kven som enn snakkar saman. Omsetjinga er god, men nynorsk med ulike dialektaksentar kan forstyrre meir enn det fokuserer, og det hender òg denne gongen, utan at det verkar formålstenleg.
Typisk nok merkar vi at dei i ensemblet som har vore lenge på Det Norske Teatret, har det reinaste og mjukaste scenespråket. Kan hende er det òg derfor vi merkar oss Unn Vibeke Hol som USA-diplomat og Grethe Ryen som vertinna Torill Grandahl. Rollene er ikkje store, men dei leverer fine riss av tydelege rollefigurar.
Men høyr til slutt ei lita bøn, norske institusjonsteater: Ver ikkje så gnitne på ensemblebruken. Å la skodespelarar spele fleire roller i same stykket, som her, svekker fort konsentrasjonen. Det bør ikkje vere naudsynt på ei profesjonell scene.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Geir Kvarme er den i ensemblet som best greier å balansere mellom alvor og skjemt, eit fascinerande rollearbeid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.