Meteorologiske abstraksjonar
Solrunn Rones stiller ut fengande abstraksjonar på Dropsfabrikken i Trondheim.
«Mjuk dag II», 2018-19, olje på lerret, 85 x 85 cm.
Foto: Dag Arve Forbergskog
På Galleri Dropsfabrikken i Trondheim er det kunstopplevingar som gir søtsmaken. Og tydelegvis gir det meirsmak. Dei nedlagte fabrikklokala i Nedre Ila trekker til seg kjende namn frå heile landet.
For tida kan du nyte 30 måleri av til Solrunn Rones (f. 1951). Verka okkuperer rommet med ein sjølvsagd intensitet. Biletflatene vert fylte til randa av brusande fargekaskadar. Kvar kvadratcentimeter av lerreta vert vekte til live av ein vidtrekkande palett og omhyllar oss med røffe penselstrøk.
Tibet
Det største måleriet har tittelen «Tibet» og er så høgt og breitt at det kjennest ut som om du kan stige inn i det. Det mektige verket er bygd opp av tette lag med oljemåling, dei inste i lette, transparente tonar, som i løpet av ein langvarig måleprosess vert gøymde av stadig tjukkare strøk. Dei øvste penselavsetningane flyt ytst på lerretsflata og gir verket eit ekstra smell. Måleriet gir noko av opplevinga av å sjå inn i ein skog: Jo meir vi konsentrerer oss, jo djupare inn mellom stammar og greiner klarer auga å nå.
Det er eit vakkert bilde, dei nærast dansande penselstrøka gir eit spenstig og levande uttrykk. Samstundes er verket ikkje i harmoni. Her vert tittelen ein viktig leietråd. «Tibet» kan vise til det mystiske og meditative, men med tanke på at verket vart måla i 2008, står det snarare som kommentar til opptøyane i den autonome regionen. Tibet har gjennom ei årrekke kjempa for sjølvstende frå Kina, og også opprøret i 2008 vart slått hard ned på. Dette var same år som OL i Beijing vart vist på TV-skjermar verda over. Gjennom eit abstrakt formspråk fortel verket om protest og fortviling.
Mange vil hevde at verk utan figurative element vert vanskelege å legge innhald i. Andre vil meine at fargar, rytmar og linjeføring kan utvide måten vi tenker på. Det kan ofte verke som dei store kjenslene ikkje lenger har rom i skriftspråket vårt. Mange av orda det er freistande å nytte, har fått for tette band til klisjeen for å fungere. Men verka til Rones taler for seg sjølv i sitt eige språk, som nærast synest overflødig å omsetje til tekst. Rones har ei intuitiv tilnærming til kunsten sin. Ho legg i liten grad vekt på noko teoretisk fundament, slik mange abstrakte kunstnarar gjer. Verka treng heller ikkje å «forståast», dei skal i større grad sansast. Vi vert såleis minte om den uforfalska opplevinga av å erfare gjennom det kroppslege, noko vi kjenner som barn, men som vert gløymt etter kvart som vi vert sosialiserte inn i vaksenverda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.