Musikk
Metallisk fingerballett
I Metal: Hellsinger er det hovudlaus, taktfast headbanging med fingrane til symfonisk metal som står på agendaen.
Rytmespelet er utvikla av svenske The Outsiders.
Foto: Funcom
Rytmespelet Metal: Hellsinger er utvikla av det svenske spelstudioet The Outsiders og distribuert av den Oslo-baserte utgjevaren Funcom. Her trer spelaren inn i rolla som ein revolversjonglerande, fortapt sjel djupt nede i dødsriket som har mista både minne og stemme, fortel ein hovudskalle med djup, resonnerande stemme og likskapar til Mimir, det kroppslause orakelet frå norrøne mytar, over hypnotiserande steelgitar-country-and-western-musikk.
Så brakar det laus: Du lyt springe rundt i grimme område som står i fyr og flamme, og kjempe mot hordar av demonar og djevlar ved å trykke på skyteknappane i takt med eit symfonisk metallydspor.
Metal: Hellsinger ein slags interaktiv musikkteatralsk fingerballett, og dette med stemme og identitet står sentralt i både forteljinga og spelsystemet. Musikken er delt opp i forskjellige dynamiske trinn, og det er berre når knappetrykkinga di held takta i lange nok strekk på rad, at vokalen i musikken kjem fram. Fleire av songarane som har bidratt, er kjende frå band som Lamb of God og Arch Enemy; mest kjend av alle er den libanesisk-armenisk-amerikanske songaren Serj Tankian frå System of a Down.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.