Bok
Mest for eigen flokk
Klein har skrive ei viktig bok, men primært for klimaaktivistar.
Kanadiske Naomi Klein er forfattar, journalist og aktivist.
Foto: Debra Friedman
Naomi Klein er ein velkjend kanadisk forfattar, journalist og aktivist. I boka Det brenner gjev ho entusiastisk støtte til Den grøne avtala. Det er ein ambisiøs plan for fundamental endring av amerikansk klimapolitikk. Planen byggjer på tankegodset frå New Deal, introdusert av president Roosevelt i 1930-åra for å koma ut av den langvarige økonomiske krisa. For å lære meir om denne avtala kan ein særskilt tilrå det siste kapittelet.
Boka baserer seg mykje på føredrag som er haldne i ei rekkje land. Den sterke sida ved boka er den levande skildringa av dei negative konsekvensane som følgjer med klimaendringar – frå omfattande skogbrannar til dramatiske vêrfenomen. Ho gjev ei grundig skildring av dei mange grasrotrørslene som kjempar for ein meir kraftfull klimapolitikk. Eg likar òg understrekinga av at klimautfordringane ikkje kan løysast av den einskilde. Det er bra at det vert gjort ein innsats for å avgrensa klimaavtrykk, men det monar lite kva den einskilde gjer. Dette kan medverka til at dei mange unge aktivistane ikkje får dårleg samvit om dei føler at dei ikkje gjer nok.
Fjern draum
Det ei viktig bok, men ho er primært skriven for klimaaktivistar. Boka diskuterer òg i liten grad sjansen for å få avtala vedteken. Dei som ikkje er klimaaktivistar, får det glatte laget. At president Trump vert kritisert, er forståeleg. Problemet er at det var 73 millionar amerikanarar, mange med arbeidarklassebakgrunn, som støtta han. Det er langt fleire enn dei klimaaktivistane som Naomi hyllar. Desse menneska oppfattar andre problem som meir presserande enn klimaendringar, og ein kan neppe klandra dei for det.
Det er godt nytt for klimapolitikken at Joe Biden er vald til president, men kor mykje han får gjort, er avhengig av samansetjinga av Senatet. Biden har òg distansert seg frå avtala, som berre vert støtta av eit mindretal på venstresida i det demokratiske partiet. Så langt er avtala difor ein fjern draum.
Klein ser kapitalismen som hovudgrunnen til at dei effektive tiltaka ikkje vert gjennomførte. Ser ein økonomisk vekst som drivkrafta innanfor kapitalismen, har ho rett av di økonomisk vekst er den viktigaste drivkrafta for auke i klimagassutsleppa. Problemet er at alle land har økonomisk vekst som mål. Den viktigaste internasjonale utfordringa er difor korleis ein skal kunna bryta samanhengen mellom økonomisk vekst og utslepp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.