Bok

Messing som historisk spegel

Å velje bokformatet som utstillingslokale og fylle det med messing viser seg å vere ein god idé.

Publisert

Ei objektutstilling i bokform? Ja, visseleg. Men det gjer ingenting. For i denne store, gjennomillustrerte boka kan vi lesarar ta til oss stoffet både bakfrå og framanfrå med same utbytet – eller streife innom tilfeldige stader i boka. Ein får unike opplevingar jamvel om ein slår opp på måfå.

Kvart einaste av dei mange oppslaga i Ingen hater messing er eit «rom» som inneheld eit kapittel på to sider med tre typar innslag: foto av messingobjekt, tekstleg faktaorientering og utstillarens personlege kommentar.

Det er her mellom bokpermane, som i utstillingslokale flest, opp til kvar einskild kva vedkommande blir tiltrekt av. Sjølv har eg stundom hatt uventa glede av å sjå kor avvikande somme kan bli når dei orienterer seg i eit utstillingslokale.

Sidan denne høgst uvanlege utstillingsboka er utan sidetal og innhaldsliste, talde eg kvart ark, inkludert forsatssidene. Eg kom til 300 sider.

Ei sterk tidsoppleving

Alt på det vanlegvis nøytralt og nøkternt utforma tittelbladet står det ei typografisk, visuelt frodig innbyding (her overført til nøktern maskinskrift):

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement