Musikk
Messe i krigstid
Haydns «Paukemesse» er ei bøn om fred i ei verd av krig.
Franskmenn mot austerrikarar i slaget ved Arcole i Nord-Italia i 1796. Måleri av Horace Vernet (1789–1863).
Året er 1796. Revolusjonskrigane mellom Frankrike og ymse samband av europeiske makter er i sitt femte år. Under den såkalla fyrste koalisjonskrigen kjempar austerrikske troppar ein tofrontskrig: Den eine fronten er i Sør-Tyskland, den andre i Nord-Italia, som er i ferd med å bli hærteke av franskmennene under leiing av den unge og karismatiske Napoleon. For fyrste gong sidan den osmanske kringsetjinga av Wien i 1683 står hovudstaden i fare for å bli invadert.
In tempore belli
Dette er den historiske bakgrunnen for Joseph Haydns messe i C-dur for fire solistar, firstemmig kor og orkester, Hob. XXII/9. Ho blir gjerne kalla «Paukemessa». Men den latinske tittelen den 64 år gamle komponisten forsynte partituret med, er sterkare: Missa in tempore belli – «Messe i krigstid».
Tekstgrunnlaget for ei messe er ledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Det var ikkje nytt å leggja inn krigsreferansar i messetonesetjingar – i form av instrumentering med paukar og trompetar, i tillegg til melodiske og rytmiske motiv frå militærmusikken. Men den sofistikerte og dramaturgisk gjennomtenkte måten Haydn her gjer det på, skulle fyrst bli overgått eit kvart hundreår seinare, med Beethovens Missa solemnis.
Korleis kjem så krigsotta til uttrykk i Haydns verk?
Vondt omen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.