Bok
«Mennesker gjorde dette mot mennesker»
På berre 60 tekstsider viser Zofia Nalkowska det moralske fallet i nazismen.
Zofia Nalkowska (1884–1954) skreiv realistisk-psykologiske romanar, noveller og skodespel.
Foto: Cappelen Damm
Våren 1945, da tyskarane var jaga ut av Polen, blei det etablert ein internasjonal kommisjon med mandat til å granske brotsverka nazistane hadde gjort mot det polske folket. Forfattaren Zofia Nalkowska (1884–1954) var med i denne kommisjonen, og ut frå det innsamla materialet skreiv ho åtte korte forteljingar som grensar opp mot reportasje, dokumentar og intervju: korthogd, nøkternt, usentimentalt og effektivt. Ved å underspele den omsynslause råskapen får ho enda tydelegare fram kva menneske er i stand til å gjere mot kvarandre som noko daglegdags og nødvendig. Vondskapens banalitet, kalla Hannah Arendt det. Boka kom på polsk i 1946.
Perverst barbari
Det er ei enorm kraft i desse tekstane som stiller sivilisasjon og kultur opp mot primitivt og perverst barbari. Når eg les opningsteksten, «Professor Spanner», kjenner eg kvalme og avsky over ei kynisk verksemd som kokar såpe av menneske. Det har vore kjent i alle år etter krigen, men Nalkowska tar lesaren med inn i «fabrikklokalet» ved det anatomiske instituttet i Danzig (Gdansk), leia av SS-mannen professor Rudolf Spanner (1895–1960).
Der ser ho: «(...) trau på trau med lik (...). Anatomiinstituttet hadde kun behov for fjorten lik. Her var det tre hundre og femti.» «Deretter fulgte flere trau med døde, baljer med kropper som var delt i to, partert og flådd. De fåtallige kvinnene var plassert i et eget trau.» «Vi fikk også se en kiste fylt av lag på lag med tynne, garvede og rensede flak av menneskehud.»
Når den historiske revisjonismen har prøvd å redusere såpekoking på menneskefeitt til ein holocaustmyte, er Nalkowskas samtidige observasjonar vanskelege å komme utanom.
Overlevande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.