Litteratur

Menneskelege grensesnitt

Anders Bortne skriv klokt og med trygg innsikt frå heilt ulike miljø.
 

Anders Bortne (f. 1973 i Ålesund) er musikar og forfattar. Han har skrive sakprosa, barne- bøker, romanar og noveller og er omsett til sju språk.
Publisert Sist oppdatert

Somme tider er det feil å ha rett. Det gjer det ikkje rett å ta feil, men ein lyt i alle høve vera varsam med å krevja rettvise, for det kan råka ein hardt. I ei av novellene, «Sannhetene», i den nye boka til Anders Bortne, møter me ei kvinne som meiner ho er portrettert i ein roman som eksmannen har skrive, og etter kvart gjer ho eit nummer av det. Protesten hennar mot romanen gjer han større, ho startar ein debatt som sikrar forfattaren suksess, og det var nok ikkje meininga. Og det er vel typisk: Fienden veks av motstand.

I ei anna novelle legg ei kvinne ut nokre ord på Facebook i høve årsdagen for Utøya-terroren. Ho får svar frå eit nettroll som diverre er mor hennar. Bortne skriv her, som andre stader, engasjerande, lesaren vert interessert og opprørt, utan at teksten på noko vis er spekulativ.

Ho som la ut uskuldige ord, hamnar i kjøtkverna av rasisme og andre fordommar, i ein kamp som ikkje kan vinnast, av di argument ikkje er til nytte.

Bortne kommenterer ikkje, handlinga går sin gang, men eg kjem i tankar om det den tyske presten Dietrich Bonhoeffer skreiv om dumskap nokre dagar før han vart avretta av nazistane i 1945. Teksten finst omsett til engelsk på internett under tittelen «Bonhoeffer on stupidity» og handlar om den farlege dumskapen som ikkje kjem av låg intelligens, men mistru til fakta og affinitet til konspirasjonsteoriar.

I same slengen kan ein slå opp Dunning-Kruger-effekten, om den skråsikre haldninga ein finn hjå folk som berre har skaffa seg overflatisk kunnskap om eit tema.

Uvanlege perspektiv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement