Menneske og manglaneMed ei historie om sjukdom, skam og ukjende familiehistorier skaper Thorvald Steen både historisk og etisk refleksjon.

Med ei historie om sjukdom, skam og ukjende familiehistorier skaper Thorvald Steen både historisk og etisk refleksjon.

Thorvald Steen har brukt eigen sjukdom i fleire av romanane han har skrive.
Thorvald Steen har brukt eigen sjukdom i fleire av romanane han har skrive.
Publisert

Nominasjonane til dei litterære prisane for i 2017 er i full gang, og vi har alt fått kåra dei første vinnarane. Det er éin roman som førebels ikkje har stått på ei einaste liste, men som eg vil framheve som ei av dei særs gode og viktige bøkene i år: Thorvald Steens Det hvite badehuset.

Som den nyleg kåra Bragepris-vinnaren Tung tids tale av Olaug Nilssen, er Det hvite badehuset ein roman som veks i tanken etter at ein har lese han ut. Historia er fortalt på ein tilforlateleg måte, men viser seg etter kvart å gi skakande innblikk i kor mykje meir av ein tragedie det var å bli ramma av ein sjeldan sjukdom for berre få generasjonar sidan, før legevitskapen vart så avansert som han er no. Romanen er også eit innspel i debatten om sortering av foster på grunnlag av genetiske disposisjonar.

Kroppen og tanken

Thorvald Steen tar utgangspunkt i den arvelege muskelsjukdomen han sjølv lid av, og som han også har skrive om i romanane Vekten av snøkrystallar (2006), Det lengste svevet (2008) og Balanse (2012). Han er elles kjend for ei lang rekkje historiske romanar som har gjort lukke internasjonalt. I årets roman går han bakover i familiehistoria.

Det heile startar med at ei ukjend kvinne ringjer og påstår at ho er søskenbarnet hans, og at ein onkel han aldri har kjent, er død. Dermed er det duka for opprulling av ei familiehistorie så grunnleggjande prega av skam at det viser seg vanskeleg å i det heile tatt få mora til å seie noko om denne hittil ukjende delen av familien.

Komposisjonen er sett saman av glimt frå ulike tider, av minne og av biletrike skildringar av livet slik det møter sansane i noet. Spesielt slåande er ei fleire sider lang gjengjeving i sakte kino av korleis forteljaren dett ut av rullestolen: «Farten øker. Tar jeg meg for, vil håndleddet brekke. Snøen hviler lett på furutreets nåler utenfor. Blomstermånedene er for lengst forbi. Jeg faller videre.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement