Film
Mellomaldermesse
Monumental musikk, flott foto og ein utmerkt Dev Patel driv eventyret om Gawain.
David Lowery byr på ei livleg og målarisk riddarforteljing.
Gawain (Patel) plar vakne fyllesjuk på bordellet utanfor slottet til onkelen, Kong Arthur. Han er ikkje klar for å bli riddar nett enno. Ein juledag vitjar ein mystisk grøn knekt kongens bord og utfordrar alle til duell. Gawain vil. Knekten kneler, lageleg til for hogg. Han lèt sverdet til Gawain ramma og er likesæl til å få partert ein kroppsdel, som den svarte riddaren til Monty Python, og lovar ny runde om eit år på heimebane. Året etter legg Gawain ut på eventyr mot Det grøne kapellet.
Gåtefull
Filmen er basert på ein populær riddarroman frå engelsk seinmiddelalder og gjev mangt eit møte med mytiske figurar, farar og moralske dilemma. Her er skrømt, kjempar og snakkande revar. Korkje Gawain eller sjåaren veit heilt å skilje røynd frå fantasi. Det flyt. Vegen til å bli riddar er utrygg og blir vonleg til mens ein går. Gawain er ingen særskild heroisk figur. Stundom er han heller ynkeleg. Ein tar inga trone utan å skitne seg til. Spesielt biletleg. Dev Patel gjer ein durabeleg jobb i hovudrolla. Han byrjar bli andletet til engelsk litteraturhistorie no, sidan vi sist såg han som David Copperfield. Stjerna tek helst del i friske variantar av klassikarar. Regissøren David Lowery kjem frå ein uavhengig filmtradisjon i USA med estetiske ambisjonar og sans for det sære. Dette er ikkje Disney.
Overdådig
The Green Knight har null actionscener. Kjærleiken er mørk og skiten. Visuelt og musikalsk er filmen storslagen og livleg. Daniel Hart er fast komponist for Lowery. At han har turnert med The Polyphonic Spree, rimar. Korsongen svingar til djup klang av strengeleik og tunge tangentar. Orkesteret Orchestrate har erfaring frå Under the Skin, Jackie og Monos med Mica Levi, verdas beste filmkomponist. Det høyrer ein. Bileta skapar ei målarisk riddarforteljing. Majestetiske, grå borger steglar over ein. Kristne ikonmålingar og trolsk symbolikk er blanda i skuggane til mørke hallar med ei stripe av ljos frå ein glugg eller ein fakkel. Lyssettinga er staseleg spartansk. Ute truar karrig natur og lunefulle ånder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.