Film
Mellom tragedie og komedie i Midtvesten
Årets store Golden Globe-vinnar innfrir ikkje heilt forventningane.
Mildred (Frances McDormand) som har mist eit barn, tek eit oppgjer med lensmannen (Sam Rockwell).
Foto: Merrick Morton / Twentieth Century Fox
Tyngd av sorg og sinne etter det uoppklarte drapet på dottera bestemmer Mildred (McDormand) seg for å ta saka i eigne hender. Ho leiger tre reklameplakatar på ein forlaten landeveg og formulerer eit retorisk spark mot politisjefen Willoughby (Harrelson), som ho meiner ikkje har gjort nok for å finne drapsmannen. Det er starten på ein ufin kamp mellom Mildred, Willoughby og den lause kanonen i filmen, polititenestemannen Dixon (Rockwell).
Den irske dramatikaren Martin McDonagh er glad i å blande røff humor og brutal vald med medmenneskeleg varme – og gjer det også her. Det er med andre ord velkjent terreng for Frances McDormand, over 20 år etter Fargo, ein film som betre enn nokon para bestialske drap og naiv landsbymentalitet. Til liks med den iskalde tundraen i Minnesota er ikkje Ebbing i Missouri akkurat verdsnavlen. Rasisme, fattigdom og dumskap går att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.