Musikk

Mellom tradisjonstruskap og personleg utforming

Ein 81-åring debuterer med dobbel-CD og podkastserie.

Publisert

Vanlegvis er platemeldingar vurderingar av kvaliteten på songen/spelet og kvaliteten på låtane/komposisjonane alt etter kva sjanger det er snakk om. Men i dette tilfellet handlar det om noko meir. For dette er ein solid dokumentasjon av eit livsverk, i form av to CD-ar og dessutan ein podkastserie som plateselskapet har publisert på YouTube.

Her er det spelemannskollega Knut Buen som intervjuar Einar Øverland om spel og folk, hovudsakeleg frå Telemark. For det meste er dette faglege samtalar, men her finst òg humoristiske forteljingar, og alvorlege tankar rundt tvil og tru. 

På nokre av opptaka medverkar også Hauk Buen, som var ein av pådrivarane for at det vart gjort ein solid dokumentasjon av Øverland.

Øverland (f. 1944) vaks opp på Seljordshei og lærte først spel av slektningar og grannar, men fekk – etter kvart – god kontakt med mange framståande felespelarar både i Telemark og andre stader i landet. Det meste av livet har han arbeidd som snikkar, men han har heile tida halde spelet ved like. Og nyleg vann han førstepremie på Setesdalskappleiken.

Dette er ein flott dokumentasjon av kva ulike delar av folkemusikkmiljøa kan få til når samarbeidet er godt: Plateselskap, arkivverksemd, kappleikssystemet, lokale lag og organisasjonar i tillegg til kreative einskildpersonar skal alle ha si ære av at livsverket til Øverland vert tilgjengeleg på denne måten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement