Mellom Eidsvågneset og Etiopia
Pål Norheim har gjeve ei posthum gåve til norsk litteratur.
Pål Norheim døydde 4. august 2017.
Foto: Kolon forlag
«Hva som rent personlig ligger meg tungt for brystet, er modernitetens kvantifisering og oppstykking av tiden i stadig mindre enheter som rastløst setter dagsorden i våre liv.» Slik skriv, eller skreiv, Pål Norheim i Oppdateringer 2, som kom ut i haust, berre nokre få månader etter at forfattaren sjølv brått og uventa døydde. Sitatet er frå side 119, der han held fram med å greia ut om denne ordninga, som er slik at han 3. juli 2016 veit at han kjem til å setja seg på bussen 5. januar 2024, kl. 21:23, i retning Åsane Terminal. No tek han atterhald om at hendingar utanfor hans kontroll kan skipla planane, og det gjorde han rett i, men observasjonen er likevel korrekt. Tida er fragmentert, men timeplanen ubrigda, pausane er korte, men mange. Der høver denne boka svært godt, for tekstane Norheim har samla i denne utgåva, kan lesast kvar for seg, til dømes på bussen til og frå Åsane Terminal.
Godt om alt
Norheim reflekterer over mange ulike emne, som ekte misjonærson med oppvekst mellom anna i Etiopia er det naturleg at han skriv om religion, men litteratur, politikk og samfunnsstrukturar kan like godt vera temaet, og han skriv svært godt om alt. Det kjem av at han truleg skriv, eller skreiv, av di han hadde noko å skriva om, og ikkje berre for å skriva. Såleis er denne litteraturen ikkje utprøvande når det gjeld metode eller stil, forfattaren sjølv vart neppe overraska undervegs, tekstane tok ikkje så mange uventa vendingar, men stundom kunne røynda gjera det, som då han ein dag etter års utsetjing går til legen på helsesenteret i Cort Piil-smauet i Bergen, etterpå kjøper han Hellemyrsfolket av Amalie Skram, av di han nyleg har oppdaga at han bur like ved staden der garden Hellemyren låg. På bussen heim til Eidsvågsneset opnar han boka og les etterordet av Gunnar Staalesen, der det står at Amalie i ein fireårsperiode i oppveksten budde i Cort Piil-smauet.
Det er det som på eitt eller anna plan ligg objektivt føre som er temaet hjå Pål Norheim i Oppdateringer 2. Såleis er tekstane essayistiske, ofte resonnerande og argumenterande, og andre gonger først og fremst observasjonar, på tallause reiser kringom i verda. Norheim var ein kosmopolitt, men, slik eg forstår boka, ute i verda sjølv når han var heime, og heime om han enn var tusen mil borte.
Høgt refleksjonsnivå
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.