Musikk
Melankolsk naivisme
Jakob Nordli & co sameiner lyrikk og musikk på strålande vis.
Jakob Nordli & Leirblaa.
Foto: Eiril Nås Høistad
Eg grubla ei stund på kva eg skulle karakterisera dette albumet som, jazz, samtidsmusikk og/eller pop. Om improvisasjon er eit berande element i jazzen, så er dette knappast ei jazzplate, men ho kunne ikkje vore laga av andre enn jazzmusikarar. Jazz og lyrikk kunne vore ei anna nemning, men det ville ha tilslørt det faktumet at den sterkaste kvaliteten med Drømmesky er integrasjonen av musikk og tekst.
Komposisjonane og arrangementa gjev på minimalistisk vis tekstane skiftande perspektiv. Som frittståande lyrikk ville ikkje tekstane hatt same berekraft og slitestyrke, men her har Jakob Nordli saman med Jenny Frøysa, Amund Storløkken Åse og August Glännestrand skapt fascinerande poetiske augneblinkar som Nordli har greidd å setja saman til ein meiningsfull heilskap.
Naivismen gjennomsyrer både tekst og musikk, men ikkje ein gladlynt og sorglaus naivisme. Melankolien er i like sterk grad til stades. I «Forankring» presenterer Nordli eit dobbelt perspektiv – glimt frå barndomen: «som et lite barn/ står i gresset /under ei plommetrægrein /e det her dem e/ naboan nøklan/ under steinhellan/ i det grønne» – og den oppsummerande vaksne: «kor e ordan hen?/ drømman historian/ om et anna sted/ det finst på ekte/ fordi det må det/ æ så det på et kart i ei bok en gang».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.