Musikk
Melankoli
Jonas Nordberg tryllar fram velklang frå sauetarm.
Luttspelande englar frå Giovanni Bellinis (ca. 1443–1516) «Tronande madonna» (utsnitt) i Gallerie dell’Accademia i Venezia.
Foto: Sjur Haga Bringeland
«Now divine aire! Now is his soul ravished. Is it not strange that sheep’s guts should hale souls out of men’s bodies?» – «Så, guddommelege musikk! No er sjela hans gripen! Er det ikkje merkeleg at sauetarmar kan hala sjela ut or lekamen til eit menneske?» Dette sitatet frå Shakespeare-komedien Stor ståhei for ingenting krev kontekstualisering. Det får me i omslagsteksten til Jonas Nordbergs album Lessons, der den svenske luttspelaren framfører musikk frå Shakespeares tid, av Englands største luttkomponist, John Dowland (1563–1626).
Med sauetarm er det strengane på renessanselutten som er meint. Desse var den gongen ikkje laga av metall eller nylon, men av tvinna tarm frå sau eller storfe, noko som òg gjeld strykeinstrument. Tarmstrengar har ein eigen varm og duld klang, men dei er kjenslege for mekanisk slitasje og endringar i temperatur og humiditet – har du ikkje opplevd ein barokkonsert der fiolinisten ryk ein streng og må skifta han, har du ikkje vore på nok barokkonsertar.
Kling godt
Nordberg er kompromisslaus i sin tarmentusiasme. Mange luttspelarar grip til strengar som er omspunne med metall eller laga av syntetiske materiale for slik å sikra fysisk stabilitet og klangleg briljans. Nordberg, derimot, insisterer på den reine, historiske klangen. Dette inneber ekstraarbeid som polering av tarmstrengane med børstar av siv og behandling av bass-strengane med trutning i mineralsaltlake.
Å peika konkret på kva som skil Nordbergs luttklang frå den til dei meir kompromissvillige kollegaane hans, er eg ikkje i stand til. Men lutten hans kling i alle høve godt.
Kristian Kvart
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.