Musikk

Mektig med innestemme

Kvartetten leverer over all forventning, som forventa.

Trygve Seim, Markku Ounaskari, Arve Henriksen og Anders Jormin.
Publisert Sist oppdatert

Det var på tide, kan ein gjerne seia. Bandet som i reklamespråket gjerne kan kallast supergruppe eller all-star-band, har faktisk ikkje spelt saman på plate som kvartett. Dei har alle fire samarbeidd i bandet til Sinikka Langeland, og samarbeidet mellom Seim og Henriksen går mest 30 år attende i tid. Det er eit firkløver som kjenner kvarandre godt, og det pregar Arcanum frå første til siste spor.

Ikkje berre er musiseringa og samspelet prega av ei sjølvtrygg ro, men repertoarvalet er gjort heilt fordomsfritt med inntak av svært ulike impulsar. Likevel representerer dei 16 låtane ein organisk heilskap der dei ti kollektive komposisjonane og improvisasjonane står på eigne bein eller fungerer som mellomspel.

Plata bør lyttast til som det eposet det er. Kommunikasjonen i bandet er heilt eineståande, og det er fjetrande å lytta til korleis Henriksen og Seim på noggrant vis meir eller mindre spontant flettar saman melodilinjene. Dette vitnar om eit heilt spesielt nærvær.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel