Musikk
Mektig epos
Karl Seglem lagar verdsmusikk på nynorsk.
Karl Seglem kombinerer musikk og lyrikk i prosjektet Mytevegar.
Foto: Heidi Molstad Andresen
Denne plata har Seglem arbeidd med i mange år. Ei aning grønt, som kom tidlegare i år, var eit førevarsel, men der forgjengaren hadde preg av litt av det meste, har Mytevegar ein klar verkkarakter med ein gjennomgåande tematikk.
Tekstane er henta frå diktsamlinga Djup redsle. Djup ro (Samlaget, 2022). Det tematiske kan oppsummerast i nyordet solastalgi, upresist forstått som sorg ved tap av natur, med andre ord djup redsle. Den djupe roa ligg i vissa om at det er maktpåliggjande å handla på vegner av naturen, til forsvar av naturen.
Seglem kan nytta prosa eller prosaliknande tekst med tilvising til FNs klimapanel for å skildra den stødige vegen vår mot avgrunnen. I «Daudi Balders» brukar han forteljinga frå Snorre-Edda som eit bilete på den komande miljøkatastrofen, men Seglem er aldri forkynnande eller agiterande.
Dei 14 låtane på dobbelt-LP-en er spelte inn på mange stader. Seglem har fått hjelp hjå 20 musikarar og lydteknikarane Tor Magne Hallibakken og Alf Magne Hillestad. Seglem har henta inn musikarar og instrument etter kva musikken kravde. Resultatet ber preg av kompositoriske idear som er knesett gjennomførte til minste detalj. Her er ikkje rom for solistiske utflukter og spontan meiningsutveksling. Det er ikkje noko sakn. I denne samanhengen er den strenge regien naudsynt. Sjølvsagt pregar musikarar som Kåre Opheim og fleire andre musikken, men ikkje i ein jazzmusikalsk forstand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.